Utløpt

Sykepleier 100 % fast

Arbeidsgiver
Klepp kommune
Stillingstittel
Sykepleier 100 % fast
Frist
31.12.2022
Ansettelsesform
Fast

Er du sjukepleiar med eit brennande fagleg engasjement for demensomsorg, likar nye utfordringar og har lyst å jobbe i eit spennande fagmiljø med gode og engasjerte kollegaer? 

Me har no ledig ein 100 % fast stilling som sjukepleiar i Kleppheimen 3. etg, med arbeidstid dag/aften og 3. kvar helg. Andre stillingsstørrelser kan også være aktuelle. 

Kleppheimen sjukeheim er ein sjukeheim for personar med demenssjukdom. Det er 2 avdelingar (etasjar) med totalt 48 sengeplasser, der det vert gitt pleie, omsorg og miljøretta tiltak.

Kleppheimen er kompetansesenteret på demenssjukdom i Klepp kommune, og sjukeheimen har ei kompetent og god sjukepleiar-/vernepleiargruppe. Sjukepleiar og vernepleiar har eit tett samarbeid med helsefagarbeidar og pleieassistentar, samt avdelingsleiar.  Me har og eigen fagutviklingssjukepleiar som er tilsett på sjukeheimen, og tett samarbeid med demenskoordinator i kommunen.

I arbeidet med demensomsorg ønskjer me å gå føre og arbeide systematisk med kvalitetsarbeid, og ha fokus på kompetanseheving og brukarmedverknad for å gi gode og trygge tenester.
Me har blant anna sykkelrom, sanserom, frivillige og eigen buss som blir hyppig brukt til tur med bebuarane. 

Arbeidsoppgåver

Som sjukepleiar på Kleppheimen vil du primært ha det faglege ansvaret saman med avdelingsleiar. Du vil gjera faglege vurderingar hos bebuarane og utføre spesifikke oppgåver og prosedyrar. Du vil og ha ansvar for at bebuarane får nødvendige medisinske undersøkingar og behandlingar i samarbeid med tilsynslegen, som er på bygget to dagar i veka.

Arbeidsoppgåvene vil og vera å bidra til å skape godt arbeidsmiljø, veilede andre kollegaer og studenter, samt bidra til undervisning for å heve kompetansen på avdelingane.

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar
  • Må beherske norsk godt både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Me er på jakt etter deg som er sjukepleiar, og som ønsker å jobbe i demensomsorga.  Dersom du har relevant videreutdanning,  for eksempel innan geriatri, demensomsorg eller psykiatri, er dette ein fordel, men det er ingen krav. Me oppfordrar og nyutdanna til å søkje på stillinga. 

Det er viktig at du er initiativrik, engasjert og evner å skape gode relasjonar med medarbeidarar så vel som bebuarane og deira pårørande.

Du må inneha gode samarbeidsevner, og ha evne til å delegera arbeidsoppgåver slik at sjukeheimen til eikvar tid har rett person på rett plass. Du må ha evne til å arbeide sjølvstendig og vera trygg på eigne avgjerder. 

Vi tilbyr

  • Me har stort fokus på at våre tilsette skal ha muligheit til å halda seg fagleg oppdatert både via kurs og fagdagar med intern og eksterne førelesarar. 
  • Me vil legge tilrette for at du kan videreutvikla både deg sjølv og kollegaene dine, dele din kunnskap og bidra til kompetanseheving. 
  • Årsturnus med mulighet for individuelle ønsker og forhandling av egen turnus/arbeidstid
  • Gratis parkering
  • Konkurransedyktig lønn
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Rabattar ved Arena treningssenter, EVO, SATS, Jæryoga og Helse Fokus 
  • Gratis bassengtrening for gravide 
  • Gratis adgang i bassenget i Klepphallen 
  • Bedriftsidrettslag 
  • Bedriftskunstforening 
  • Ordning med dekning for behandling  fysioterapeut og kiropraktor
  • I Klepp har vi heiltidskultur, men vi er og interessert i dei som ønsker å jobbe redusert.
Sektor
Offentlig
Sted
Prestevegen 12, 4350 Kleppe
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Eldreomsorg

Nøkkelord

sykehjem,, demensomsorg

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kine Berg
Stillingstittel
avdelingsleiar
Telefon
45 49 14 97
Følg firma
244 følger dette firmaet

Prestevegen 12, 4350 Kleppe

Annonseinformasjon

FINN-kode 283833571
Sist endret 8. des. 2022 10:05

Rapporter annonse