Utløpt

Vil du vere med å utvikle kunnskap om grøn omstilling i Vestland?

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Rådgjevar
Frist
02.01.2023
Ansettelsesform
Fast
Vil du vere med å jobbe for grøn omstilling i Vestland? Vestland skal vere det leiande verdiskapingsfylket og klima og miljø skal vere ein premiss for alt det vi gjer. Det overordna målet er netto nullutslepp i fylket innan 2030. Vestland har gode føresetnader for å ta ein leiande posisjon i ei rekkje nye grøne verdkikjeder. Gjennom prosjektet Grøn region Vestland skal vi utvikle strategiske grøne hubar gjennom industriell symbiose på tvers av verdikjedene og byggje grøn infrastruktur.  Kunnskapsgrunnlaget for dette arbeidet må oppdaterast, vidareutviklast og leggjast til grunn for nye satsingar og prioriteringar. Dette treng vi di hjelp til. I seksjon for forsking, kompetanse og internasjonalisering har vi ledig stilling som rådgjevar på dette feltet. 

Arbeidsoppgåver

  • Overvake og analysere utviklinga i næringslivet i Vestland
  • Gjennomføre spesifikke analysar av næringslivet etter behov
  • Utvikle indikatorar for arbeidet med innovasjon og næringsutvikling
  • Utvikle og vedlikehalde løysingar for visualisering av statistikk og indikatorar
  • Formidle kunnskap om næringslivet i eigna kanalar og forum
  • Delta i strategiske diskusjonar om innovasjon og næringsutvikling
  • Bidra inn i prosjektet Grøn region Vestland med spesiell vekt på dei grøne hubane i Sunnhordland

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning på masternivå
  • Kjennskap til næringslivet i Vestland
  • Kompetanse på innovasjon og næringsutvikling
  • Gode metodekunnskapar og kjennskap til analyseverktøy
  • Erfaring med visualieringsverktøy, til dømes Power BI

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og god gjennomføringsevne
  • Omgjengeleg og samarbeidsviljug
  • Evne til å utvikle relasjonar og byggje nettverk
  • Gode analytiske evner
  • Evne til å ta initiativ

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstid
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

Andre opplysningar:

  • Dersom du har spørsmål, ta gjerne ein prat med kontaktperson.
  • Arbeidsstad I Leirvik på Stord.
  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
  • Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Vabakkjen 2, 5411 Stord
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Analyse,
Rådgivning

Nøkkelord

Grønregion;, detgrønneskiftet

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kathrin Jakobsen
Stillingstittel
seksjonssjef
Telefon
982 55 253
Følg firma
676 følger dette firmaet

Vabakkjen 2, 5411 Stord

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 283827214
Sist endret 8. des. 2022 11:11

Rapporter annonse