Utløpt

Vil du jobbe med gründerar og innovasjon i Vestland fylke?

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Rådgjevar
Frist
21.12.2022
Ansettelsesform
Fast
Vestland fylkeskommune lyser ut ei stilling ved Etablerersenteret. Etablerersenteret er eit offentleg tilbod som gir bransjenøytral rettleiing til gründerar. Oppgåvene i stillinga omfattar både konkrete rettleiing av grunderer, men også arbeid med å rigge verkemiddelapparatet på ein måte som gjer det enkelt for gründer og bedrifter å finne fram. Stillinga skal bidra til å kople saman drift i Etablerersenteret og resultat frå prosjektet ‘Ei dør inn’ der Vestland fylkeskommunen har vore pilotfylke. 

Arbeidsoppgåver

  • Individuell rettleiing av gründerane
  • Planlegge og gjennomføre kurs og andre arrangement
  • Tilrettelegge for næringsutvikling
  • Dialog med kommunar, næringslivsaktørar og resten av verkemiddelapparatet
  • Marknadsføring
  • Prosessleiing
  • Halde presentasjonar
  • Skrive tekster for nettside, rapporter og andre tekster
  • Analysearbeid
  • Det kan bli sakshandsaming, prosjektvurdering og anna prosjektarbeid 

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning på masternivå. Kandidatar med bachelorgrad og relevant erfaring kan bli vurderte for stillinga, men vil då bli tilsett som spesialkonsulent og ikkje rådgjevar
  • God fagkompetanse i innovasjon og næringsutvikling
  • Relevant arbeidserfaring
  • Erfaring med å lede fysiske og digitale kurs, workshops og samlinger
  • Gode kommunikasjonsevner, både skriftlig og muntlig
  • Strategiske evner
  • Gode kunnskaper om IT og sosiale media

Det er ein føremon med

  • gründerbakgrunn– gjerne erfaring med å etablere eiga bedrift
  • prosjektleiarerfaring
  • kunnskap om førstelinjeteneste og offentleg sektor

Personlege eigenskapar

  • Ein lagspelar som initierer og utviklar kompetanse, samarbeid og relasjonar, og som synleggjer og deler kunnskap og erfaringar
  • Ein som vil løfte andre og er opptatt av verdiskaping og rolla som samfunnsbyggar
  • Høg integritet og stort engasjement
  • Sjølvstendig, sjølvgåande og initiativrik
  • Ein dyktig formidlar, som trivs godt i rollen som fasilitator og rettleiar
  • Fagleg autoritet og varme

Vi tilbyr

  • faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • løn etter avtale
  • fleksibel arbeidstid
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)


Andre opplysningar:
Dersom du har spørsmål, ta gjerne ein prat med kontaktperson.
Arbeidsstad i fylkeshuset i Bergen.
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

  

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Agnes Mowinckels gate 5, 5008 Bergen
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Saksbehandler,
Kontor og administrasjon

Nøkkelord

Grunder;, Virkemiddelapparat;, Endørinn;, Bedriftsetablering

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Heidi Bjønnes Larsen
Stillingstittel
seksjonssjef
Telefon
99 61 38 68
Kontaktperson
Sandra Skotnes Haugland
Stillingstittel
Rådgjevar
Telefon
92 66 92 03
Følg firma
1076 følger dette firmaet

Agnes Mowinckels gate 5, 5008 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 283826674
Sist endret 22. des. 2022 00:08

Rapporter annonse