Utløpt

Vikar i matematikk og naturfag

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Vikar i matematikk og naturfag
Frist
20.12.2022
Ansettelsesform
Vikariat

Vi søkjer etter vikar på tilkalling i faga matematikk og naturfag til Sotra VGS, skulestad Skogsvåg. Gjerne for snarleg oppstart.

Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialiserande. Vi har i dag to skulestader, ein på Bildøy og ein i Sund med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med Ca 150 vaksne elevar på ulike program.
Sotra vgs skal i framtida lokaliserast i eitt nytt bygg på Straume.
Skulen legg vekt på å være nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Vi er stolt av kompetansen vi har i faga og formidlar fagleg kunnskap som inspirerer elevane til å utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong. Skulen legg vekt på at kvar og ein skal finne seg godt til rette i eit trygt og triveleg skulemiljø. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape læringsarena tufta på tillit og respekt for kvarandre.

Arbeidsoppgåver

Undervisning i matematikk, naturfag og eventuelle andre fag på studiespesialiserande- og yrkesfaglege programområde. Tett oppfølging av klassar og einskilde elevar. Planlegge, gjennomføre, evaluere undervisning sjølvstendig og i samarbeide med kollega. Skape- og vidareutvikle eigen undervisning i samarbeide med elevar, kollega, og skuleleiing. Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt.

Kvalifikasjonar

Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
Utdanning frå universitet/høgskule, som kvalifiserer for undervisning i matematikk og / eller naturfag.
Undervisningskompetanse i fleire fag er ein fordel. 

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer søkjarar med eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
Du ønskjer å bidra til elevanes faglege og sosiale utvikling.
Du er fleksibel og kan ta timar ved sjukdom.
Du har gode samarbeidsevner.
Du har høg motivasjon og handlekraft. Å vere egna for arbeid med ungdom vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

Løn etter kvalifikasjonar.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Gode moglegheit til eigen læring og utvikling.
Du blir ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
Trimgrupper for tilsette. 

Løn etter kvalifikasjonar.

Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som tilsetjast må legge fram politiattest. Det kan bli undervisning på Skulestad Bildøy, Skogsvåg og Sotra Arena. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Finkelhølsvegen 10, 5382 Skogsvåg
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Forskning, utdanning og vitenskap
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk,
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger,
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor

Nøkkelord

Vikar, i, matematikk, og, naturfag

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Irene Tellnes Eide
Stillingstittel
avdelingsleiar
Telefon
56 31 02 08
Kontaktperson
Erik Henneli
Stillingstittel
ass. rektor              
Telefon
95 82 60 77
Følg firma
1049 følger dette firmaet

Finkelhølsvegen 10, 5382 Skogsvåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 283531549
Sist endret 5. des. 2022 16:33

Rapporter annonse