Utløpt

Ferievikar bioingeniør / bioingeniørstudent

Arbeidsgiver
Helse Førde
Stillingstittel
Ferievikar Bioingeniør / Bioingeniørstudent
Frist
31.01.2023
Ansettelsesform
Vikariat

Laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank, Lærdal sjukehus treng ferievikarar i perioden 12.06.2023 - 20.08.2023. 
Høver for 1. - 3. års studentar, masterstudentar, eventuelt andre helsefagutdanningar. 

Ferievikarar er dagtidsarbeidarar. Ber om at det i søknaden blir informert om kva periode det er aktuelt for deg å arbeide. 

Lærdal sjukehus er lokalsjukehus for Indre Sogn. Lærdal ligg inst ved Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo (4,5 time) og Bergen (3 timar). Her er typisk vestlandsnatur med flott turterreng sommar som vinter. Kommunen har eit aktivt kulturliv med mellom anna kor og korps, festivalar, idrettslag, treningsstudio, kafear og kino.

Arbeidsoppgåver

  • Blodprøvetaking
  • Analysearbeid
  • Telefon og prøvemottak 

Kvalifikasjonar

  • 1- 3. års bioingeniørstudent, evt andre helsefagutdanningar
  • Gode kunnskapar i norsk både skriftleg og munnleg

Legg ved karakterutskrift frå avslutta fag
Oppgi referanse t.d. frå utdanning eller tidlegare arbeidsgjevar 

Personlege eigenskapar

  • Du må like utfordringar og ha eit ønskje om å utvikle kompetanse og ferdigheiter som bioingeniør
  • Vere serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Lærerike arbeidsoppgåver og relevant opplæring
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Husvære


Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3,2 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 


Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kari Grøttebø
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
57 64 00 20
Følg firma
67 følger dette firmaet

Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal

Annonseinformasjon

FINN-kode 283531333
Sist endret 5. des. 2022 16:31

Rapporter annonse