Utløpt

HR-rådgjevar (vikariat)

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
HR-rådgjevar (vikariat)
Frist
19.12.2022
Ansettelsesform
Fast

Ynskjer du å vere med i utviklinga av Vestland Fylkeskommune, og løyse essensielle oppgåver knytt til HR? Då ber vi om at du les vidare!

Vestland Fylkeskommune set retning, engasjerer og samhandlar for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland. 

I seksjonen organisasjon og økonomi (ORO) har vi no eit ledig vikariat som HR-rådgjevar i eitt år med mogelegheit for forlenging med oppstart frå januar 2023. Kontorstad vil vere i fylkeshuset på Leikanger. Vi søkjer etter ein lærevillig og fleksibel vikar som er klar for å bryne seg på nye oppgåver. Stillinga byr på spennande utfordringar der du jobbar tett med leiarane våre innanfor eit vidt spekter av arbeidsoppgåver.

Kvifor søkje jobb hjå oss

Dersom du byrjar å jobbe for oss kan vi tilby deg ein spanande arbeidskvardag der du får utfordra deg på forskjellige HR-oppgåver. Du vil spele ei viktig rolle for organisasjonen - og blir sett på som essensiell med tanke på organisasjonen si framdrift. Som HR-rådgjevar får du gode moglegheiter for fagleg påverknad og utvikling i eit sterkt tverrfagleg miljø.

For oss er det viktig at alle trivst, og vi har eit uformelt arbeidsmiljø. Det er stor takhøgde, og verdiane våre kompetent, open og modig blir satt høgt. Vi er opptekne
av å støtte og hjelpe kvarandre i det faglege og har det kjekt på jobb. Slik får vi det beste ut av kvarandre og skaper engasjement!

Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar, og løn etter avtale.

Arbeidsoppgåver

Som HR-rådgjevar vil dine arbeidsoppgåver mellom anna vere:

  • Støtte leiarar og medarbeidarar i HR-spørsmål
  • Rekruttering, lønn og personalforvaltning
  • HR-system
  • Bidra i oppfølging av sjukefråvær

Kven er du og dine kvalifikasjonar?

Vi ser for oss at du fortrinnsvis har høgare utdanning med relevante fag frå universitet eller høgskule, og har lyst på ei karriere innan HR. Det er positivt om du har relevant arbeidserfaring, men ikkje eit krav.  Det kan bli noko reising, derfor er førarkort klasse B er eit pluss.

Ellers er vi på jakt etter ein person som ynskjer å utvikle seg, og er villig til å strekke seg for å lykkast. Fagleg tyngde, klokskap og gode kommunikasjonsferdigheiter gir truverdigheit og gjennomslagskraft. Du er strukturert og arbeider sjølvstendig, men også saman med andre. Vi ønskjer oss også ein engasjert kollega som bidreg fagleg og sosialt. Dersom du er aktuell, men manglar utdanning på masternivå vert du innplassert som førstekonsulent.

Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med HR-direktør Hilde Withammer på telefon 40624416 eller på e-post til Hilde.Merete.Bjornsdotter.Withammer@vlfk.no.

Anna informasjon

  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
  • Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
  • Les meir om oss her: vestlandfylke.no 

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Askedalen 4, 6863 Leikanger
Bransje
Annet

Nøkkelord

HR,, HR-rådgiver,, rådgiver

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hilde Merete Bjørnsdotter Withammer
Stillingstittel
HR-direktør
Telefon
40 62 44 16
Følg firma
1076 følger dette firmaet

Askedalen 4, 6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 283524086
Sist endret 5. des. 2022 15:24

Rapporter annonse