Utløpt

Vil du ha ein sentral rolle i utviklinga av oppvekst i ein spennande og framtidsretta kommune?

Arbeidsgiver
Øygarden kommune - Oppvekst
Stillingstittel
Vil du ha ein sentral rolle i utviklinga av oppvekst i ein spennande og framtidsretta kommune?
Frist
18.12.2022
Ansettelsesform
Fast

Rådgjevar 100% fast for kommunalsjefsområdet oppvekst

 

Oppvekst består av omkring 1200 tilsette, fordelt på tenestane barnehage, skule, vaksenopplæring, PPT, barn, unge og familietenester og barnevern. I tenesta er det stort fokus på å utvikle sjølvstende gjennom teamarbeid og samhandling med andre instansar som tilbyr hjelpetenestar til barn og familiar, særleg føresette, barnehage og skule. Vidareutvikling av samhandlingskompetanse på tvers av dei ulike hjelpeinstansane skal gjennomsyre kommunen sitt samla tenestetilbod, BTI. 

 

Stillinga er lagt til stab i kommunalsjefsområdet oppvekst, med hovudfokus på barnehage. Det vil være oppgåver og samarbeid knytt til ulike delar av oppvekst.

 

Vi ser etter ein profesjonell, strukturert, sjølvstendig og positiv kollega med gode samarbeidsevner. 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Rådgjeving, rettleiing og støtte av leiare, både på fag, system og individnivå
  • Sakshandsaming
  • Bidra i arbeid med rekruttering og kompetanseutvikling
  • Utarbeide og oppdatere planar, rutinar, prosedyrar og informasjon
  • Analyse, utgreiing og saksførebuing til politiske organ
  • Bidra til utvikling av støttesystem i oppvekst feltet og samhandling internt og eksternt
  • Bidra i planlegging og leiing av samlingar
  • Bidra i budsjettoppfølging saman med fagleiar økonomi
  • Ivareta støttefunksjonar for Kommunalsjefnivå
  • Bidra til heilskap, førebygging og kvalitet i tenesta
  • Andre oppgåver kan tilkomme stillinga

Kvalifikasjonar:  

Må ha: 

  • Bachelor innan utdanning for førskulelærar/barnehagelærar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • God økonomisk forståing
  • Gode digitale ferdigheter og analysekompetanse
  • God kjennskap til lovverk og sentrale føringar innan barnehagefeltet

Ønskjeleg med: 

  • Rettleiingskompetanse
  • Erfaring med sakshandsaming og politisk saksutgreiing
  • Erfaring frå arbeid i barnehage

Vi ser etter deg som:

  • har evne til å engasjere og motivere andre
  • er fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • er orientert mot omverda og får energi gjennom å arbeida på eit område der det er både politiske, økonomiske og administrative samanhengar
  • trivst med å arbeida i ein kompleks organisasjon, og kan dykka ned i problemstillingar og foreslå alternative løysingar
  • er språkmedviten og uttrykkjer deg godt både munnelg og skriftleg
  • er effektiv, fagleg og systematisk, men også ein lyttande og coachande person
  • bidreg til samhandling, organisering og fagleg utvikling, og jobbar for ein god oppvekst og for visjonen Øygarden kommune, eit fyrtårn i vest

Anna:

Arbeidsplass: Rådhuset på Straume

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju 20. og 21. desember. 

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

Om arbeidsgiveren

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Administrasjonsspråket er nynorsk. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor
Offentlig
Sted
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Konsulent og rådgivning,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Rådgivning

Nøkkelord

Rådgiver, Rådgjevar, Konsulent

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Trond Heggestad
Telefon
91 71 55 63
Følg firma
323 følger dette firmaet

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 283518177
Sist endret 6. des. 2022 12:16

Rapporter annonse