Utløpt

Vi søkjer driftsleiar til eit av Vestland fylkes mest spennande kulturbygg!

Arbeidsgiver
Oseana Kunst og Kultursenter
Stillingstittel
Driftsleder
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Oseana søkjer driftsleiar.

Som driftsleiar vil du ha ansvar for den hustekniske driften av Oseana. I det ligger det operative ansvaret for alle tekniske installasjonar i bygget, så som varmepumper, solcellepanel, vatn, avløp, elektrisk anlegg og anna. I tillegg vil stillinga ha økonomistyring for dei aktuelle områda.


Driftsleiar gjennomfører vaktmeister-oppgåvene på huset og har ansvar for at bygget fungerer teknisk til ein kvar tid.

Du vil også få kjennskap til Oseana sitt lys- og lydanlegg, samt generell sceneteknikk.


Hovudoppgåver:

  • Byggteknisk ansvar innvendig og utvendig
  • Oppfølging av vedlikehaldsavtalar
  • Dagleg teknisk vedlikehald


Kven er du?

Vi søkjer ein sjølvstendig og ansvarsbevisst medarbeidar med gode samarbeidsevner, gjerne med erfaring frå drift av større bygg. Du er fagleg sterk, operativ og løysningsorientert. Utdanning innan elektro eller annan relevant utdanning/ fagbrev vil bli vektlagt. Gode IT kunnskaper og kjenskap til SD anlegg vil være ein fordel. Du kommuniserer godt med både kundar, leverandørar og kollegaer. Noko kvelds- og helgejobbing må reknast med.


Vi kan tilby:

Gode pensjonstilhøve

Fleksibelt og energisk arbeidsmiljø

Stillingsprosent: 100%

Arbeidsstad: Oseana Kunst- og Kultursenter

Løn etter avtale.

Stillinga rapporterer til direktør.


Om arbeidsgiveren

Oseana Kunst og Kultursenter er eit kommunaleigd kulturhus i Os. Fordelt på 5 800 kvadrat-meter finn du kultursal, restaurant, galleri og lokale for kurs, konferansar, møte og selskap. Oseana inneheld den kjente Griegsamlinga og har 540 kvm solcellepanel på taket. Oseana er medlem i Klimapartnere og sertifisert Miljøfyrtårn. Huset feiret nettopp sitt 11 års jubileum.

Sjå www.oseana.no for meir informasjon.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Mobergsbakken 20, 5200 Os
Bransje
Bygg og anlegg,
Drift og vedlikeholdstjenester,
Kunst og kultur
Stillingsfunksjon
Driftsoperatør/vaktmester,
Teknisk personell
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

driftsleder, vaktmester, servicemedarbeider, kulturhus, kunst

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ole Tobias Lindeberg
Stillingstittel
Direktør
Mobil
93 25 70 24
Følg firma
47 følger dette firmaet

Mobergsbakken 20, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 283517102
Sist endret 18. mar. 2024 10:24

Rapporter annonse