Utløpt

Rådgivar (jurist)

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Rådgivar (jurist)
Frist
15.01.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Ved Forskings- og utviklingsavdelinga, Seksjon for forsking og innovasjon er det ledig ein fast 100% stilling som rådgivar (jurist).

Seksjonen arbeider for å styrke forskings- og innovasjonsaktiviteten både i Helse Bergen og i dei andre helseføretaka i Helse Vest. Vi gjev profesjonell administrativ støtte og utviklar og driftar IKT-løysingar for forsking og innovasjon. Seksjonen er eit bindeledd mot dei universitets- og høgskulebaserte forskingsmiljøa, og har viktige roller i regionale og nasjonale nettverk for forsking og innovasjon. I seksjonen er det om lag 67 høgt kompetente medarbeidarar med variert bakgrunn som utgjer eit spennande fagmiljø.

Ei sentral oppgåve for seksjonen er å støtte forskingsmiljøa og sjukehusleiinga med avtaleinngåing for kliniske studiar i prosjekt med utprøving av medisinsk utstyr. Vidare gir seksjonen administrativ støtte med å utarbeide kontraktar for andre kliniske studiar, forskings- og innovasjonsprosjekt med næringsliv, andre helseinstitusjonar, universitet og høgskular. Seksjonen har ansvar for å utvikle,kvalitetssikre og gjere tilgjengelig retningslinene for forsking og innovasjon. Helse Bergen er ein aktiv partnar i NorCRIN-nettverket som jobbar for sentraliserte  prosedyrar og avtaletemplat nasjonalt.

Seksjonen har fått auka ansvar for oppfølging av forsking i heile Helse Vest, og vi treng no ein ny medarbeidar med interesse for forskings- og innovasjonsaktivitetar i sjukehus.  

Arbeidsoppgåver

  • Juridisk rådgiving, særskild knytt til avtale- og kontraktarbeid i samband med forskings- og innovasjonsprosjekt. Koordinere, følge opp og forvalte denne saksporteføljen
  • Oppgåver knytt til regelverk for økonomisk støtte
  • Oppgåver knytt til forskingsetikk, personvern og rutinar for forsking 
  • Delta og bidra i nasjonale og internasjonale forskingsstøttenettverk
  • Utgreiingsarbeid, saksførebuing og oppfølging av saker innan seksjonen sitt ansvarsområde, derunder høyringar og tilsynssaker mv.
  • Ved behov kunne utføre andre oppgåver som ligg til Seksjon for forsking og innovasjon

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad i rettsvitskap
  • Kompetanse og erfaring frå offentleg saksbehandling er ønskeleg
  • Kjennskap til utforming av kontraktar innan forsking og innovasjon er ønskeleg, derunder samarbeidsavtalar mellom forskingsinstitusjonar
  • Interesse for avtalerett, immaterialrett og personvern
  • Erfaring frå forskingsadministrasjon er ønskeleg 
  • Svært gode kunnskapar i norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

  • Vere initiativrik, sjølvstendig og analytisk
  • Vere fleksibel og jobbe i tverrfaglege team
  • Kunne jobbe målretta og resultatorientert
  • Ha stor arbeidskapasitet
  • Det blir lagt vekt på personleg engasjement, å vere eigna til jobbens krav og å ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Ha eit godt juridisk skjønn, og kunne gje rette og gode juridiske råd

Vi tilbyr

  • Spennande utfordringar i ein organisasjon i sterk utvikling med dyktige og engasjerte kollegaer
  • Nødvendig opplæring og støtte frå erfarne kollegaer
  • Interessante og krevjande arbeidsoppgåver
  • Vi oppmodar også nyutdanna juristar til å søkje. Søkjarar med erfaring innan forskingsadministrasjon vil verte vurdert for stillingskategorien seniorrådgivar eller spesialrådgivar.
  • Konkurransedyktig lønn, etter avtale
  • Ei av landets beste pensjonsordningar


Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nesten 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 28, 5009 Bergen
Bransje
Juridiske tjenester,
Helse og omsorg,
Forskning, utdanning og vitenskap
Stillingsfunksjon
Jurist

Nøkkelord

jurist,, forsking,, forskning,, avtale,, kontrakt,

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anne Mathilde Henden Kvamme
Stillingstittel
Fagleiar
Telefon
55 97 07 95
90 65 52 38
Følg firma
2256 følger dette firmaet

Haukelandsveien 28, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 283512594
Sist endret 4. jan. 2023 11:57

Rapporter annonse