Utløpt

Maskinsjef i sambandet Stranda-Liabygda, p.t. MF Volda

Arbeidsgiver
Fjord1 AS
Stillingstittel
Maskinsjef i sambandet Stranda-Liabygda, p.t. MF Volda
Frist
20.12.2022
Ansettelsesform
Fast

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Fjord1 har ledig stilling som maskinsjef i sambandet Stranda-Liabygda, p.t MF Volda. Her får ein mogleheit til å oppleve indrefileten av norsk natur, samtidig som ein får jobbe med dyktige kollegaer og i eit selskap med gode karierremoglegheiter.

Skiftordning: 2 veker på og 2 veker av, døgnskift.

Ein bør bu lokalt, men hybel tilgjengeleg på Stranda som ein kan nytte om ønskeleg.

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!

Arbeidsoppgåver

  • Teknisk leiar skal sørge for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
  • Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
  • Skal saman med skipsførar bidra til at sikkerhetsstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
  • Sørge for opplæring av personell under si leiing
  • Oppgåver knytt til alarminstruks
  • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
  • Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar
  • Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
  • Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
  • Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
  • Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
  • Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde

Kvalifikasjonar

  • M3-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
  • Godt humør
  • God kommunikasjonsevne
  • Serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
  • Gode velferdsordningar
  • Hybel tilgjengeleg
  • Skiftordning: 2 veker på, 2 veker av, døgnskift

Om arbeidsgiveren

Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.



Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.



Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.



Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Sektor
Privat
Sted
Primær Fylkesveg 60, 6200 Stranda
Bransje
Maritim og offshore

Nøkkelord

maskinsjef

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Solveig Bjørnvold
Stillingstittel
Bemanningskoordinator
Telefon
47 90 47 89
Følg firma
224 følger dette firmaet

Primær Fylkesveg 60, 6200 Stranda

Annonseinformasjon

FINN-kode 283507644
Sist endret 5. des. 2022 13:15

Rapporter annonse