Utløpt

Økonomirådgjevar

Arbeidsgiver
Sogndal kommune Økonomi
Stillingstittel
Økonomirådgjevar - 100% fast stilling
Frist
31.12.2022
Ansettelsesform
Fast

Har du kontroll på tal og greier å sjå heilskapen?

Me søker ein medarbeidar med god økonomikompetanse som vil vera med å styrke og vidareutvikla kommunen. Kommunen er inne i ei spennande tid, men gode tenester over tid forutset at me har orden i økonomien. I dette arbeidet vil du vere sentral og kan gjere ein skilnad i vår kommune! Du treng ikkje kunne kommunaløkonomi til fingerspissane, det vil dyktige og engasjerte medarbeidarar hjelpe deg å lære.

Økonomiavdelinga har ulike oppgåver innanfor budsjett, rekneskap, innkjøp og eigedomsskatt. Stillinga rapporterer til økonomisjef, med tett samhandling med kommunalsjefane og kommunedirektør.

 

Arbeidsoppgåver:

· verksemdstyring og utvikling

· utarbeide årsbudsjett og økonomiplan

· økonomisk analyse

· rapportering

· økonomistyring, oppfølging, rettleiing

· rekneskap

· innkjøp

· internkontroll

 

Kvalifikasjonar:

· høgare utdanning med mastergrad i økonomi eller andre relevante fag. Anna utdanning samt relevant erfaring kan kompensere for mastergrads-utdanning.

· gode IKT-kunnskapar

· god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

· fordel med erfaring frå eller god kunnskap om offentleg forvaltning, lov- og avtaleverk

· nyutdanna vert og oppfordra til å søke

 

Eigenskapar:

· evne til å arbeide både strategisk og operativt

· er nøyaktig og strukturert

· har humor og arbeidsglede

· du får til samskaping og tek ansvar på tvers av fagområde

· er god til å formidle, forankre og få folk med på laget

· har analytiske eigenskapar og er utviklingsorientert

 

Me tilbyr:

· eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vere med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst

· gode pensjons- og forsikringsordningar

· gode velferdsordningar

· fleksible arbeidstidsordningar

· løn etter avtale

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknad må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Om arbeidsgiveren

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.

Sektor
Offentlig
Sted
Skrivarvegen 7, 6863 Leikanger
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap / Controller,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Astrid Lernes
Telefon
92 02 21 76
Følg firma
57 følger dette firmaet

Skrivarvegen 7, 6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 283157274
Sist endret 2. des. 2022 16:01

Rapporter annonse