Utløpt

Vil du vere med å skapa gode oppvekstvilkår i Kvinnherad kommune?

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune
Stillingstittel
Sektorleiar oppvekst
Frist
06.01.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med HUMAN AS
Kvinnherad kommune søkjer etter ein engasjert og utviklingsorientert leiar som evnar å byggja lagkjensle og felles retning.

Sektor Oppvekst har 421 årsverk, fordelt på 486 tilsette, og eit brutto driftsbudsjett på omlag 340 millionar kroner. Sektoren er samansett av 16 skular (1 privat) og 16 barnehagar (5 private). I tillegg kjem tenesteområda innan Barn og familie samt Kulturskulen.

Som vår nye sektorleiar får du ei sentral rolle i å skapa gode oppvekstkår i kommunen gjennom å sikra høg kvalitet i dei offentlege tenestene og høgt tilfredse medarbeidarar. Vi ønsker at vår nye sektorleiar har eit sterkt samfunnsengasjement, med ein spesiell motivasjon og stor interesse for oppvekst- og kulturområdet.

Vi treng ein truverdig leiar med gode leiareigenskapar og kommunikasjonsevne som både trivst i- og vert motivert av samhandling med innbyggjarar, medarbeidarar, politikarar og andre samarbeidspartnarar. Kommunen vår er geografisk stor, og som sektorleiar er du oppteken av å sikra at det vert levert gode og likeverdige offentlege tenester, uavhengig av kvar ein bur.

Du får ei sentral rolle som ein del av kommunen si øvste leiing og vert ein del av kommunedirektøren si leiargruppe. Du vil og ha tett dialog med sektoren sine einingsleiarar. Vi trur du vil medverke positivt til heilskapleg utvikling av kommunen.


DINE ANSVARSOMRÅDE:
  • Strategisk og fagleg utvikling av tenesteområda
  • Overordna personal-, økonomi- og resultatansvar for sektoren
  • Ta initiativ og leia god organisasjons- og medarbeidarutvikling
  • Representera sektoren i politiske organ, eksterne fora og media
  • Sikra samhandling og gode medverknadsprosessar med tillitsvalde og verneteneste
  • Vera pådrivar for innovativ tenesteutvikling og omstilling
  • Skapa relasjon til lokalsamfunn, næringsliv og nabokommunar

DIN KOMPETANSE:
  • Høgare relevant utdanning innan relevante fagområde
  • Leiarkompetanse og leiarerfaring.
  • God prosessforståing og erfaring med utviklingsprosessar
  • Erfaring med budsjettarbeid og økonomistyring
  • God forståing for, og kjennskap til, offentleg sektor og aktuelt lovverk
  • God forståing for partssamarbeid
  • Evne til nytenking og kunna sjå nytten av digitale og teknologiske løysingar
  • God kjennskap til offentleg forvaltning og forståing for samspelet mellom politisk og administrativ leiing
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Skriftleg kommunikasjonskompetanse må kunne dokumenterast
  • Evne og motivasjon for endring og utviklingsarbeid

DINE PERSONLEGE EIGENSKAPER:
  • Du kommuniserer godt, er tydeleg, god på å peika på retning og på å få andre med deg
  • Resultatorientert, målretta og strukturert
  • Evne til strategisk og heilskapleg leiing
  • Høg arbeidskapasitet og kraft til å stå i krevjande situasjonar over tid
  • Evne til å gjera naudsynte prioriteringar og vedtak
  • Evne til å leia tilsette i omstilling og endring

VI TILBYR:
  • Løn etter avtale
  • Fokus på kompetanseheving og fagutvikling
  • Som tilsett vert du meldt inn i KLP (Kommunal Landspensjonskasse) KLP har gode vilkår i høve pensjon, forsikring og banktenester

Interessert?
Vi tar gjerne ein uforpliktande og fortruleg samtale om stillinga. Ta kontakt med våre rådgjevarar i Human, Edvard Thormodsæter, på mob. 958 82 299, eller Morten Myhren, på mob. 482 24 660. Spørsmål kan og rettast til kommunedirektør, Ragnhild Bjerkvik, på mob. 992 76 690.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom reservasjon ikkje blir tatt omsyn til, vil søkjaren bli varsla om dette (Offentleglova § 25).

Om arbeidsgiveren

Kvinnherad kommune er ein del av Sunnhordlandsregionen og ligg vakkert plassert i innløpet til Hardangerfjorden, midt mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter og Husnes er den største tettstaden med vidaregåande skule og handelssenter. Det er mange sterke bygder og nære lokalsamfunn i heile kommunen. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Fjord, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.

Sektor oppvekst er den nest største sektoren i kommunen med 421 årsverk, og eit brutto driftsbudsjett på om lag 340 millionar kroner. Sektor har ansvar for all tenesteyting innafor skule, barnehage, kulturskule og barnevern, PPT, helsestasjon, m.m.

Til dei 13.100 innbyggjarane i kommunen ynskjer ein å gi tilbod om heilskaplege tenester til det beste for alle aldrar og livssituasjonar. Vil du vera med?

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Forskning, utdanning og vitenskap
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Undervisning og pedagogikk,
Økonomi og regnskap

Nøkkelord

Engasjert, Utvikling, Utviklingsorientert, Lagarbeid, Kvalitetsfokusert

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Edvard Thormodsæter
Stillingstittel
Partner
Telefon
95 88 22 99
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Morten Myhren
Stillingstittel
Senior Consultant
Telefon
48 22 46 60
Kontaktperson
Ragnhild Bjerkvik
Stillingstittel
Kommunedirektør
Telefon
99 27 66 90
Følg firma
762 følger dette firmaet

Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal

Annonseinformasjon

FINN-kode 283127887
Sist endret 2. des. 2022 11:57

Rapporter annonse