Utløpt

Vi styrker laget - fleire ledige stillingar innan økonomi

Arbeidsgiver
NAV
Stillingstittel
Vi styrker laget
Frist
02.01.2023
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med NAV

Ynskjer du å jobbe med økonomi i eit stort og framtidsretta fagmiljø? No har du sjansen til å bli ein del av NAV Økonomiteneste på Leikanger. 

Om stillinga

NAV Økonomiteneste er ein intern tenesteleverandør for lønns- og rekneskapstenester til NAV. No styrkar vi laget med både faste og mellombelse stillingar. Er du den vi ser etter?

Vi har spennande oppgåver innan innkjøp, faktura, rekneskap og lønn. Økonomiområdet i NAV er under utvikling, og vi tek stadig i bruk nye digitale løysingar og analyser for å utføre oppgåvene meir effektivt og auke kvaliteten på tenestene våre. Oppgåvene dine vil kunne endre seg ut frå dine interesser og vårt behov for din kompetanse.

Du er velkomen til å søke, uavhengig av om du er nyutdanna, eller har lang arbeidserfaring. Vi ynskjer oss at du har høgare utdanning innan økonomi.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå
  • Lang relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Personlege eigenskapar vil bli lagt stor vekt på 

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som er analytisk, systematisk og nøyaktig. Du jobbar godt sjølvstendig, og du har gode evner til samhandling. Du har ei positiv innstilling til endringar og tek utfordringar på strak arm. Du evnar å prioritere mellom oppgåver og du trivast med periodevis høgt tempo.

Kven er vi?
NAV Økonomiteneste (ØT) er ein intern tenesteleverandør som leverer lønns- og rekneskapstenester til alle NAV sine statlege einingar. Dette inneber mellom anna utbetaling av 560 mrd. kroner i årlege ytingar, samt rådgiving, informasjon og opplæring for etaten sine 22 000 tilsette. NAV Økonomiteneste har ei viktig rolle for å sikre god rekneskapskvalitet i NAV. Eininga består av 95 tilsette fordelt på tre seksjonar og er lokalisert på Leikanger i Sogndal kommune, Vestland fylke. 

Vi tilbyr

  • Eit godt, inspirerande fagmiljø med spennande oppgåver
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Familievenleg personalpolitikk med gode velferdsordningar 
  • Gode arbeidstidsordningar med fleksitid og treningstime i arbeidstida 
  • Lønn som rådgjevar i lønnsspenn kr 526 100 - 604 400 brutto pr. år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
  • God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
  • Arbeidsstad er Leikanger, og vi praktiserer hybrid arbeidskvardag med moglegheit for heimekontor

Om arbeidsgiveren

NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  



NAV består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.



For å kunne levere best mogleg tenester er det viktig med mangfald i rekrutteringa. Vi oppmodar derfor personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV-en til å søkje jobb hos oss. Vi legg arbeidsforholda til rette for deg viss du har behov for det. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no. 


NAVstilling

Sektor
Offentlig
Sted
Sognefjordvegen 56, 6863 Leikanger
Bransje
Økonomi og regnskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap,
Revisjon og kontroll

Nøkkelord

Rekneskap,, økonomi,, analyse,, revisjon,, internkontroll,

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jon Arve Hatlevoll
Stillingstittel
Assisterande direktør
Telefon
91 63 28 37
Følg firma
4537 følger dette firmaet

Sognefjordvegen 56, 6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 283116891
Sist endret 2. des. 2022 10:23

Rapporter annonse