Utløpt

IT eKommune Sunnmøre

Arbeidsgiver
eKommune Sunnmøre, Ålesund kommune
Stillingstittel
IT Konsulentar
Frist
31.12.2022
Ansettelsesform
Fast

På grunn av auka arbeidsmengde, så søker vi etter to IT konsulentar i faste stillingar. 

IT avdeling i Ålesund kommune teller i dag 29 tilsette. Vi er lokalisert i Ålesund Rådhus og Skodje Tenestehus. Avdelinga er delt inn i tre grupper, Server- og Applikasjonsdrift, brukarstøtte og infrastruktur.  

IT avdelinga driftar eKommune, dette er eit IT samarbeid mellom kommunane Giske, Sula, Fjord og Ålesund. Vi driftar også eksterne verksemder som Brann, 110 sentralen, Kirkevergen og ei rekke andre. 

Vi drifter i dag over 15 000 brukarar, over 14 000 klientar og over 500 serverar. 

Ålesund kommune er langt framme i bruken av ny teknologi. Vi fokuserer på høg grad av tilgjengelegheit, moderne robuste løysingar, datasikkerheit og brukarvennlege løysingar. 

Arbeidsoppgåver for stillingane vil vere innanfor to eller fleire av desse områda:

  • Driftsovervåkning
  • Microsoft 365 
  • Serverdrift 
  • Brukarstøtteoppgåver 

Vi ønskjer kompetanse og erfaring innanfor eit to eller fleire av desse områda: 

  • Microsoft Intune 
  • Generell drift av Microsoft Windows servermiljø 
  • Drift av Microsoft terminalservermiljø 
  • Driftsovervåkning av servere, infrastruktur og tenester 
  • Microsoft Azure 
  • Brukarstøtte 
  • Erfaring med prosjektarbeid
  • Kjennskap til ITIL metodikk

Kvalifikasjonar

  • IKT utdanning på Høgskule- / Universitetsnivå eller fagarbeidar i IKT Servicefag med relevant arbeidserfaring
  • Førarkort klasse B 

Personlege eigenskapar

  • Brennande interesse for IKT faget
  • Serviceinnstilt og med god kommunikasjonsevne
  • Evne til å arbeid strukturert og sjølvstendig i ein kvardag prega av høgt tempo
  • Kvalitets- og løysningsorientert
  • Evne til læring og utvikling
  • Stor arbeidskapasitet og engasjement
  • Samarbeidsevne, fleksibilitet og godt humør vektleggast
  • Flytande i norsk munnleg og skriftleg, samt beherske engelsk 

Vi tilbyr

  • Eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø med samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Fleksitid og moglegheit for heimekontor ein til to dagar i veka
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Løn etter kvalifikasjonar  


Om arbeidsgiveren

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt
og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og
har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er "nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet".

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Keiser Wilhelms gate 2, 6002 Ålesund
Bransje
IT,
IT - programvare,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations,
IT drift og vedlikehold / IT-support,
IT utvikling / IT-sikkerhet

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kristin Alvestad
Stillingstittel
Dagleg leiar eKommune
Mobil
91 79 58 87
Følg firma
111 følger dette firmaet

Keiser Wilhelms gate 2, 6002 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 283109390
Sist endret 13. jan. 2023 10:00

Rapporter annonse