Utløpt

Senior IKT-konsulent

Arbeidsgiver
Sogndal kommune Digitalisering og IKT
Stillingstittel
Senior IKT-konsulent
Frist
08.01.2023
Ansettelsesform
Fast

Hovudoppgåva til IKT-avdelinga i Sogndal kommune er å levere gode tenester internt i kommunen, samt gode digitale tenester til innbyggjarane våre. Målsettinga er at Sogndal skal bli ein heildigital kommune, og vera tidleg ute med å ta i bruk tekniske løysingar som medverkar til effektiv innbyggjarinvolvering og brukarmedverknad. 

 

 

Arbeidsoppgåver 
Som ein av oss får du vera med å drifte og utvikle Sogndal kommune til å verta ein digital kommune med innovative og effektive løysingar for både dei tilsette og innbyggjarane våre. 

Du blir ein del av eit kreativt og triveleg arbeidsmiljø i utvikling og vekst, med arbeidsstad i vakre Sogndal.  

  

Kompetanse

  •  Ynskje med relevant utdanning frå høgskule/universitet.Relevant praksis kan erstatte formell utdanning. 
  •  Kompetanse og erfaring med konfigurasjon og driftav nettverksløysningar. 
  •  Kompetanse og erfaring med IKT drift og utvikling. 
  •  Erfaring med Microsoft sin plattform(AD/Azure, M365, Intune). 
  •  Erfaring med prosjektleiing og prosjektdesign  
  •  God og trygg formidlingsevne, skriftleg og munnleg på norsk 
  •  Fagleg oppdatert, analytisk, effektiv, ryddig og nøyaktig 
  •  Førarkort klasse B  


Personlege eigenskapar

  •  Evne til å arbeide sjølvstendig. 
  •  Fleksibel, dynamisk. 
  •  Vere positiv og engasjert. 
  •  God formidlingsevne. 
  •  Gode samarbeidseigenskapar. 
  •  Strukturert og engasjert. 
  •  Løysingsorientert. 
  •  Sikkerheitsbevisst. 

 

Me kan tilby

  •  100% fast stilling med oppstart etter avtale 
  •  Ein variert kvardag med spennande oppgåver 
  •  Ein lærerik arbeidsplass som fokuserer på at framtida er digital 
  •  Eit godt arbeidsmiljø med godt samhald 
  •  Gunstig pensjonsordning og ulukkes- og gruppelivsforsikring 
  •  Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) 
  •  Løn etter avtale 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå ossuansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. 

 

Om arbeidsgiveren

Sogndal kommune har i dag ein IKT-avdeling på 7 pesonar. Hovudoppgåva er å levere gode IKT-tenester internt i kommunen, samt gode digitale tenester til innbyggjarane våre. Målsettinga er at Sogndal skal bli ein heildigital-kommune.

Sektor
Offentlig
Sted
Dalavegen 2, 6856 Sogndal
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
IT - maskinvare
Stillingsfunksjon
IT utvikling / Utvikler (generell),
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations

Nøkkelord

ikt, prosjektleiing, drift, utvikling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bente Mossige Ask
Telefon
90 01 70 78
Kontaktperson
Odd Magne Langeteig
Telefon
95 91 49 90
Følg firma
58 følger dette firmaet

Dalavegen 2, 6856 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode 283108266
Sist endret 19. des. 2022 11:33

Rapporter annonse