Utløpt

Finanscontroller

Arbeidsgiver
Sparebanken Sogn og Fjordane
Stillingstittel
Finanscontroller
Frist
15.12.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Sparebanken Sogn Og Fjordane

Sparebanken Sogn og Fjordane er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Banken har no ledig stilling som finanscontroller ved avdeling for risikostyring og etterleving. 

Avdelinga har åtte tilsette som utfører ulike typar analyse-, kontroll- og utviklingsarbeid. Dei tilsette ved avdelinga har ansvar for rapportering til leiing og styre i banken, og for kommunikasjon med styresmakter, bransjeorganisasjonar og ratingbyrå. I tillegg vil avdelinga gje råd og støtte til andre avdelingar i banken.   

Arbeidsoppgåver

  • Ha ansvaret for verdivurdering av banken sine verdipapir 
  • Vere etterlevingsansvarleg for banken sitt verdipapirføretak 
  • Kontrollere etterlevinga av banken sine risikorammer for marknads- og likviditetsrisiko, gjennomføre stresstesting og ta del i anna arbeid i risikostyringsfunksjonen i banken 
  • Deltaking i intern og ekstern rapportering, og i prosjektarbeid 

Bakgrunn, kvalifikasjonar og eigenskapar 

Vi søkjer etter ein person med høgare utdanning innanfor matematikk, statistikk, finans eller økonomi, og som gjerne har gode IT-kunnskapar. I tillegg til at søkarane må ha solid fagkunnskap, ønsker vi ein person med: 

  • gode analytiske evner 
  • høg arbeidskapasitet og fagleg integritet 
  • evne til målretta og systematisk arbeid og til å setje seg inn i nye fagområde 
  • gode evner til munnleg og skriftleg framstilling, og som er imøtekomande og serviceinnstilt 

Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg. Her er det korte vegar til avgjerdsler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.

Arbeidsstad: Førde

For informasjon om stillinga kontakt leiar avdeling risikostyring og etterleving, Harald Slettvoll, tlf. 48 11 98 16


Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 70 milliardar kroner og nær 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.

Sektor
Privat
Sted
Langerbuvegen 12, 6800 Førde
Bransje
Bank, finans og forsikring
Stillingsfunksjon
Annet

Nøkkelord

kontroll, analyse, utvikling, finans, risikostyring

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Harald Slettvoll
Stillingstittel
Leiar risikostyring og etterleving
Telefon
48 11 98 16
Følg firma
102 følger dette firmaet

Langerbuvegen 12, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 282916295
Sist endret 1. des. 2022 08:52

Rapporter annonse