Utløpt

Vi søkjer dyktig rådgjevar til vårt kontor i Måløy

Arbeidsgiver
Sparebanken Sogn og Fjordane
Stillingstittel
Kunderådgjevar privatmarknad
Frist
02.01.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Sparebanken Sogn Og Fjordane

Vi har fokus på å gi kunden den beste rådgjevinga - i kombinasjon med god lokalkunnskap er dette Sparebanken Sogn og Fjordane si største styrke.

Vi søkjer etter kunderådgjevar privatmarknad til vårt kontor i Måløy.  

Du vil få ansvar for å følgje opp og utvikle eiga kundeportefølje gjennom god rådgjeving og tilpassa produkt, både til eksisterande og nye kundar.

Vi ser etter deg som er engasjert, omgjengeleg og serviceinnstilt. Du er god på å sjå behov og å finne dei riktige løysingane for kundane. Du har ei solid vurderingsevne og er trygg og tydeleg i relasjon med kunden. Du trivst med å vere ein lagspelar, men du har også driv og engasjement i sjølvstendig arbeid. Du har høgare utdanning. Solid relevant erfaring kan kompensere for krav til utdanning. 

Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg. Her er det korte vegar til avgjerdsler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.

Kontorstad: Måløy

For informasjon om stillinga kontakt banksjef Ole Aukland, tlf. 932 32 605. 

Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 70 milliardar kroner og nær 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.

Sektor
Privat
Sted
gate 1, 6700 Måløy
Bransje
Bank, finans og forsikring
Stillingsfunksjon
Rådgivning

Nøkkelord

Rådgjeving, bank, økonomi, finansrådgjeving, salg

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ole Aukland
Telefon
93 23 26 05
Følg firma
102 følger dette firmaet

gate 1, 6700 Måløy

Annonseinformasjon

FINN-kode 282913555
Sist endret 15. des. 2022 12:08

Rapporter annonse