Utløpt

Har du eit ønskje om å jobbe med helse-, omsorg- og sosialstatistikk?

Arbeidsgiver
Statistisk sentralbyrå
Stillingstittel
Helse-, omsorg- og sosialstatistikk
Frist
15.12.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statistisk sentralbyrå
I Seksjon for helse-, omsorg- og sosialstatistikk er det ledig ei fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar. Seksjonen produserer ei rekkje offisielle statistikkar innanfor helse- og omsorgstenester og velferdstenester, og er ein viktig bidragsytar til kunnskapsgrunnlaget på desse samfunnsområda. Seksjonen har blant anna ansvaret for statistikken over spesialisthelsetenesta, til dømes rekneskap, pasientar og personell som er viktige dimensjonar ved verksemda i sjukehusa. Seksjonen har utstrekt dialog med forskjellege rapportørar og ulike fagdepartement med underliggjande etatar og fagdirektorat, noko som er viktig å ivareta for å kunne drifte og forvalte statistikkproduksjon og statistikkutvikling på ein god måte. Seksjonen samarbeider mykje med lokale, regionale og statlege styresmakter i datainnsamling, statistikkproduksjon og analysearbeid, og ønskjer å vere ein pådrivar i utvikling av ny og viktig statistikk. Seksjonen er som SSB elles midt i eit spennande teknologiskifte, der nye kodespråk og nye produksjonsmiljø skal lærast og bli tatt i bruk. Seksjon for helse-, omsorg- og sosialstatistikk er ein av seks seksjonar på Avdeling for person- og sosialstatistikk i SSB.

Arbeidsoppgåver 

  • Produsere og publisere offisiell statistikk som brukarar har behov for.
  • Leggje til rette, analysere og utlevere data på oppdrag frå samarbeidspartnarar.
  • Sørgje for å vidareføre og vidareutvikle statistikkområda til seksjonen.
  • Kvalitetssikre og klargjere data for bruk i statistikkproduksjon og analyse.
  • Bidra til å ivareta ein konstruktiv dialog med viktige samarbeidspartnarar.
  • For stillingskode som seniorrådgivar vil det bli stilt høgare krav til sjølvstende i oppgåveløysinga.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på hovudfags-/masternivå, helst statsvitar, samfunnsøkonom eller annan samfunnsvitskapleg utdanningsbakgrunn. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • Erfaring frå statistikkproduksjon og gjennomføring av statistiske undersøkingar er positivt, og sektorkompetanse innafor helse- og omsorgssektoren eller på ulike velferdsområde er ein fordel.
  • Gode IT-kunnskapar, til dømes i bruk av programmeringsspråk som SAS EG, Python, R eller tilsvarande.
  • God munnleg og skriftleg i norsk og engelsk, og ein sterk interesse for å bruke data og formidle kunnskap.

Det er ønskjeleg med:

  • Erfaring frå bruk og forvalting av register- og persondata.
  • For tilsetjing som seniorrådgivar blir det stilt krav til god kjennskap til statistikkproduksjon og dataanalyse.

Personlege eigenskapar

  • Nøyaktig, metodisk og likar å arbeide med tal
  • Evne til å følgje opp fleire problemstillingar, samtidig som fristar blir haldne
  • Oppteken av å tileigne seg naudsynt kunnskap og kompetanse og halde den ved like
  • Analytisk og oppteken av å trekkje ut og presentere essensen av komplekse problemstillingar
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk, men liker samstundes å samarbeide med andre
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk

Vi tilbyr

  • Løn som rådgivar/seniorrådgivar (kode 1434/1364) i lønsspenn frå kr 553 500 til 714 000 etter kvalifikasjonar. Høgare løn kan vurderast for søkjarar som er særleg godt kvalifiserte.
  • Fleksibel arbeidstid, treningstilbod og god pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
  • Lyse og trivelege lokale i Oslo.
  • Eit godt fagleg miljø som gir gode høve for eigenutvikling.
  • Ein kunnskapsrik organisasjon, utfordrande arbeidsoppgåver, og eit hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø.

Generelt

  • Attestar/vitnemål skal registrerast/ bli lagt ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Søkjarar som blir innkalla til intervju, blir bedne om å ta med originalar eller stadfesta kopiar av attestar og vitnemål. Me utfører kontroll av dokument, og me gjennomfører bakgrunnsjekk på kvalifiserte søkjarar
    før tilsetjing.
  • Me gjer oppmerksam på at opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom den ønska reservasjonen ikkje vil bli teken til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette før offentleg søkjarliste blir utforma. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, alder, nedsett funksjonsevne
  • eller hol i CV. Søkjarar som opplyser om at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV, må vere innforstått med at denne opplysinga kan brukast til registreringsformål jf. arbeidet til regjeringa med inkluderingsdugnaden.
  • Som IA-verksemd legg me forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Om arbeidsgiveren

Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovudansvaret for offisiell statistikk i Noreg og har ei omfattande forskings- og analyseverksemd. Vi har rundt 850 medarbeidarar lokaliserte i Oslo og Kongsvinger, i tillegg til intervjuarar over heile landet.


SSB publiserer dagleg statistikk og analysar på ssb.no og har eit stort kontaktnett, òg internasjonalt.


Vi er ei kompetansebedrift med fagleg utfordrande arbeidsoppgåver, som satsar målretta for å modernisere SSB og byggje ein framtidsretta organisasjon.

Sektor
Offentlig
Sted
Akersveien 26, 0177 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon,
IT,
Annet
Stillingsfunksjon
Samfunnsviter,
Økonomi og regnskap / Samfunnsøkonomi,
Annet

Nøkkelord

Statistikkproduksjon, Statistikkutvikling, Analyse, Datainnsamling, IT-kunnskaper

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Arne Jensen
Stillingstittel
Seksjonssjef
Telefon
99 71 22 45
Følg firma
1189 følger dette firmaet

Akersveien 26, 0177 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 282879145
Sist endret 30. nov. 2022 08:48

Rapporter annonse