Utløpt

Vil du jobbe med næringslivet i Sogn og Fjordane?

Arbeidsgiver
Sparebanken Sogn og Fjordane
Stillingstittel
Kunderådgjevar bedriftssenter
Frist
20.12.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Sparebanken Sogn Og Fjordane

Vil du jobbe med næringslivet i Sogn og Fjordane?

Vi har fokus på å gi kunden den beste rådgjevinga - i kombinasjon med god lokalkunnskap er dette Sparebanken Sogn og Fjordane si største styrke. No kan du få vere med på laget!

Vi ser etter deg som ser kundane våre. Du kartlegg behova deira og finn dei riktige løysingane for dei. Du utfordrar oss med nye idear og nye måtar å løyse kundebehov på. Du er engasjert, initiativrik og resultatorientert, og du bidreg til å gjere kundereisa god. Du har kjennskap/interesse for næringslivet i regionen. Som kollega er du ein lagspelar, men du har også driv og engasjement i sjølvstendig arbeid. Du har høgare utdanning, eller solid erfaring frå relevant arbeid som kan vege opp for kravet til utdanning.
 
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere  

  • Skape gode kundeopplevingar gjennom rådgjeving og kredittbehandling
  • Rådgjeving og behovsretta sal av banken sine produkt og løysingar til bedriftskundar

Bedriftssenteret har utstrekt kundedialog med mange ulike oppgåver som vil bli løyst direkte for kundane. Dette gjer at ein har ein variert arbeidsdag med ulike arbeidsoppgåver. 

Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg. Her er det korte vegar til avgjerdsler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.

For meir informasjon om stillinga kontakt Helena Igelkjøn på tlf. 415 00 933.
 

Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 70 milliardar kroner og nær 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.

 

Sektor
Privat
Sted
Langebruvegen 12, 6800 Førde
Bransje
Bank, finans og forsikring
Stillingsfunksjon
Kundeservice,
Rådgivning

Nøkkelord

Kunderådgjevar, bank, finans, kundeservice, kundeooplevelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Helena Igelkjøn
Telefon
48 16 70 94
Følg firma
102 følger dette firmaet

Langebruvegen 12, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 282780389
Sist endret 29. nov. 2022 12:18

Rapporter annonse