Utløpt

Overlege i psykiatri og  psykologspesialist

Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Overlege / Psykiater / Psykologspesialist
Frist
31.12.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf

Avdeling for sjukehuspsykiatri  
Gir tilbud til ei befolkning på ca. 120 000 innbyggarar i Nordmøre og Romsdal. Akuttseksjon, lokal sikkerhetspsykiatri, psykosepost og alderspsykiatri er i dag lokalisert på Hjelset der nytt felles sjukehus for Molde og Kristiansund vert bygd. Det nye sjukehuset i Nordmøre og Romsdal (SNR) vert ferdigstilt i løpet av 2025, men psykiatri-bygga vert ferdigstilte og skal vere klar til innflytting høsten 2024. 

Akutt psykisk helse
Akuttseksjon med 12 lukka døgnplassar. Har akuttansvar 24/7 og primærvaktordninga for LIS1/3 er tilknytta seksjonen. Dei siste åra har det vore ca. 700 innleggelsar årleg. Seksjonen har 3 overlegestillingar, 1 psykologspesialiststilling, 2 LIS-3 og 3 LIS-1stillingar. Veiledning og supervisjon er ein viktig del av jobben som spesialist.  

Seksjonen søker etter 1 overlege og 1 psykologspesialist i 100% fast stilling. Overlege stillinga er ledig frå 1. januar 2023 og psykologspesialist stillingen er ledig frå 1. februar 2023.     

Arbeidsoppgåver

  • Diagnostisk utgreiing og behandling
  • Individuell og tverrfagleg behandling
  • Kartlegging og utgreiing av funksjonsevne og psykisk helse
  • Internt samarbeid og rettleiing
  • Eksternt samarbeid og undervisning/rettleiing
  • Pårørandesamtalar
  • Samarbeid med miljøpersonalet om miljøterapeutiske tiltak
  • Psykoedukasjon for pasientar og pårørande
  • Deltaking i bakvaktsordning for overlegar

Kvalifikasjonar

  • Overlege innan psykiatri 
  • Psykologspesialist med vedtakskompetanse
  • Inneha norsk autorisasjon som psykiater eller vere i sluttfasen av si spesialisering innan psykiatri/rus 
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg, og ha god språkleg framstillingsevne
  • Erfaring frå undervisning- og opplæringsverksemd
  • Kompetanse og erfaring frå ulike metodar innen rettleiing

Personlege eigenskapar

  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • Du jobbar sjølvstendig, men fungerer samstundes godt i tverrfagleg samarbeid
  • Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse
  • Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er god til å planlegge og utføre arbeidsoppgåver, sjølvstendig og i nært samarbeid med dine kollegaer i seksjonen
  • Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
  • Du har sans for ein diskusjon og har ein god porsjon humor
  • Du må ha god fysisk og psykisk helse
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Om arbeidsgiveren




Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt  med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For
meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


 

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Opdølvegen, 6412 Molde
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege / Psykiater,
Lege / Overlege

Nøkkelord

overlege;, psykiater;, psykologspesialist

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Aina Herskedal
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
92 48 94 44
Følg firma
209 følger dette firmaet

Opdølvegen, 6412 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 282635265
Sist endret 28. nov. 2022 09:45

Rapporter annonse