Utløpt

Bioingeniør

Arbeidsgiver
Helse Førde
Stillingstittel
Bioingeniør
Frist
13.12.2022
Ansettelsesform
Vikariat

Er du bioingeniør og ute etter jobb i eit triveleg og godt arbeidsmiljø? Då er dette arbeidsstaden for deg.

Vi har ledig eit vikariat for Bioingeniør frå d.d. Det bli aktuelt med forlenging/fast stilling.

På laboratoriet får du jobbe på ein arbeidsplass der du får brei erfaring med både medisinsk biokjemi og blodbank. Du jobbar sjølvstendig og i team. Her får du kjenne på kva det er å være bioingeniør innanfor fagfeltene hematologi, koagulasjon, klinisk kjemi, immunhematologi, blodgass, prøvetaking.  Du får muligheten til å jobbe med moderne analyseinstrumenter og er tett på pasientene. Bioingeniørene deltar i tredelt turnus og er i sentrum der det skjer!

Laboratorium Medisinsk biokjemi og blodbank har 38 tilsette med variert kjønn- og alderssamansetnad. 
Førde sentralsjukehus ligg i Vestland fylke, Sunnfjord kommune. Her er typisk vestlandsnatur med flott turterreng i nærområde. Les meir om Sunnfjord kommune.

Om du har spørsmål til stillinga , må du gjerne ta kontakt.

Arbeidsoppgåver

  • Varierte arbeidsoppgåver innan blodbank, hematologi, koagulasjon og medisinsk biokjemi
  • Pasientrettede oppgaver innen prøvetaking og preanalyse
  • Stillinga inngår i 3-delt vaktturnus ved avdelinga. Dette gir mange fordeler med turnusfridager. Vi tilpasser turnus individuelt
  • Spesifikke arbeidsoppgåver knytt til avdelinga
  • Arbeidsoppgåvene blir rullert kontinuerleg

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • For framandspråklege (utanom skandinavisk land), vert det krevd at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten
  • Relevant praksis frå fagområdet medisinsk biokjemi og blodbank
  • Gode IKT kunnskaper 

Personlege eigenskapar

  • Vere fagleg engasjert
  • Jobbe stukturert og målretta
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å jobbe sjølvstendig
  • Må trivast i eit aktivt miljø med stadig nye utfordringar
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Vere serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Opplæringsprogram for nytilsette
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Triveleg arbeidsmiljø 
  • Hjelp med bustad, opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg
  • Eit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling 
     

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3,2 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 


Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Bioingeniør

Nøkkelord

Bioingeniør

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Robin-Andre Sørland
Stillingstittel
Avdelingssjef
Telefon
91 82 51 48
Kontaktperson
Aud Margrete Holen
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
57 83 98 15
Følg firma
67 følger dette firmaet

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 282284598
Sist endret 25. nov. 2022 13:58

Rapporter annonse