Utløpt

Møre og Romsdal 110-sentral

Arbeidsgiver
Ålesund kommune
Stillingstittel
Operatør
Frist
14.12.2022
Ansettelsesform
Fast

Vi har ledig 100 % fast stilling som operatør hos 110-sentralen.

Det kan opne seg moglegheiter for fleire stillingar i løpet av rekrutteringsprosessen. Tiltreding etter avtale. Stillinga inngår i turnus med dag- og nattarbeid, i ordning med 33,6 timars arbeidsveke.

Naudmeldetenesta er ein samfunnskritisk funksjon, og samfunnets forventningar til tenesta er høg. Den skal sikre at befolkninga får rask og riktig hjelp i naudsituasjonar. Det forventast at tenesta til ein kvar tid er tilgjengeleg og effektiv, og har sporbar aktivitet.

Møre og Romsdal 110-Sentral KF (M&R 110) er eit kommunalt føretak, eigd av Ålesund kommune. 110- sentralen er naudemeldesentralen for alle brannvesen i Møre og Romsdal, og er lokalisert saman med politiets operasjonssentral/naudmeldesentral ved politihuset i Ålesund. 110-Sentralen er bemanna med 15 kvalifiserte operatørar, nestleiar, fagutviklar og teknikar og leiast av ein avdelingsleiar.

Verksemdsleiar for verksemda er brannsjefen i Ålesund brannvesen. Som fagsentral skal M&R 110 være utrykkingspersonellets støttespelar under ein kvar aksjon. Sentralen ynskjer å skape best mogleg tryggleik– for enkeltindivida – for lokalsamfunnet og for fylket.

Er du ein person som er positiv, utåtvend, serviceinnstilt og ynskjer å jobbe for å gjera ein forskjell for andre menneskjer og bidra til eit tryggjare samfunn?

Vi søkjer no etter ein medarbeidar som innehar desse eigenskapane. 


Krav til stillinga:

  • Kunne framleggje godkjent helse- og politiattest.
  • Den som blir tilsett må tilfredstille krav om tryggleiksklarering for hemmeleg/NATO secret
  • Kvalifikasjonskrav og utdanningskrav: Utdanning i samhøve til kompetansekrava for alarmsentral operatør §39 i rettleiinga til brann og redningsvesenforskriften.


Alle brukarar av 110-sentralen sine tenester skal oppleve å bli behandla:

  • Profesjonelt
  • Einskapleg og likskap
  • Respektfull og imøtekommande
  • Serviceinnstilt


Arbeidsoppgåver:

  • Sikre at sentralens oppgåver og tilleggstenester vert ivaretekne og at tenester vert utført i henhald til gjeldande lov og foreskrift, og dei prosedyrar som er vedtekne for verksemda.
  • Sikre at alle brukarar av 110-sentralens tenester blir ivaretekne i henhold til sentralens verdiar og etiske retningslinjer.
  • Vere fagsentral for alle brannvesen i Møre og Romsdal.
  • Mottak og handtering av naudmeldingar om brann, ulykker og akutt forureining. 
  • Alarmering og utkalling av næraste relevante, tilstrekkeleg innsatsstyrke og overordna vakt.
  • Varsle dei andre naudetatane, hovudredningssentral og andre relevante aktørar og sikre at nasjonale retningslinjer for fleirvarsling blir ivaretekne.
  • Bidra gjennom hending med naudsynt informasjons handtering.
  • Etablerer og koordinere samband med innsatsstyrken, overordna vakt, samt å bidra under innsatsen og loggføre viktige og relevant informasjon i hendinga.
  • Handtere andre overvakings -, formidlings- og varslingsoppgåver som er lagt til 110-sentralen.
  • Aktivt bidra til å forbetre fagsystem og prosedyrar i verksemda.
  • Aktivt delta i å forbetre sentralens tenester med hensyn til kvalitet og lik utførelse.
  • Andre oppgåver som administrasjon eller vaktleiar pålegg.
  • Aktivt bidra til å skape eit godt arbeidsmiljø og fremme gode handlingar.
  • Bidra i arbeidet ut mot kommunane og delta på aktivitetar som administrasjonen eller vaktleiar legg opp til.
  • Fylgje opp HMS- og internkontroll arbeid gjennom bruk av dei verktøy som er innførde.


Kvalifikasjonar

Søkjar med følgjande kvalifikasjonar vil bli å føretrekke for stillinga:

  • Utdanning i samhøve til kompetansekrava for alarmsentral operatør §39 i rettleiinga til brann og redningsvesenforskriften.
  • Personleg eigna til stillinga.
  • Operativ erfaring fra brannvesen.
  • Gode datakunnskapar med evne til å handtere fleire oppgåver samstundes.
  • God norsk skifteleg og munnleg framstillingsevner. 

 

Følgjande tilleggskvalifikasjonar vektleggjast:

  • Erfaring frå arbeid i naudetatane.
  • Kunnskap om naudnett/samband og bruken av det.
  • Gode evne til å takle stressande situasjonar.
  • Gode språk kunnskapar og særleg engelsk.


Personlege eigenskapar

  • Aktivt bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø og fremmer gode haldningar.
  • Serviceinnstilt og imøtekommande.
  • Er lærings- og utviklingsorientert.
  • Viser engasjement og interesse for oppgåvene.
  • Er handlekraftig, løysingsorientert og strukturert.
  • Kan jobbe godt både sjølvstendig og i team.
  • Er utåtvend, ansvarsbevisst, korrekt og med gode kommunikasjonseigenskaper.
  • Har evne til å setje seg inn i andre sin situasjon.
  • Er lojal mot bedriftas målsetningar.

 Personlege eigenskapar for stillinga vektlegges


Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med faglege og personlege utviklingmogligheiter.
  • Varierande og utfordrande arbeidsoppgåver.
  • Løn og arbeidsvilkår etter avtale.

 

Vi jobbar innanfor ein bransje med få kvinner. Vi ønskjer å legge til rette for mangfald, og oppmodar derfor kvinner til å søkje. 

Om arbeidsgiveren

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er "nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet".

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Sektor
Offentlig
Sted
Politihuset, Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund
Bransje
Konsulent og rådgivning,
Politi og sikkerhet,
Annet
Stillingsfunksjon
Brannvern,
Rådgivning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kjetil Vikås
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Følg firma
112 følger dette firmaet

Politihuset, Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 282256454
Sist endret 6. jan. 2023 10:48

Rapporter annonse