Utløpt

Ferievikar 2023 - Sjukepleiar, vernepleiar, helsefaglege studentar m.m. 

Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Ferievikar 2023 - Sjukepleiar, vernepleiar, helsefaglege studentar m.m.
Frist
31.01.2023
Ansettelsesform
Sommer/Sesong
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf

Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.

Langtids døgn rusbehanding TSB Molde treng ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2023. Vi treng sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, barnevernspedagogar og studentar innan psykologi og helse- og sosialfag. 

Det er behov for ferievikarar i perioden f.o.m. veke 25 t.o.m. veke 32.

Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikken sitt behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV. 

Kvalifikasjonar

  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Fullstendig førarkort klasse B med manuell gir

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
  • Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
  • Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn i henhold til gjeldande overeinskomst
  • 3. års sjukepleierstudentar, vil ut frå gjevne kriterium, få fordelaktige vilkår i samband med ferievikaravtala

For meir informasjon om vår region, sjå Visit Møre og Romsdal

Om arbeidsgiveren




Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt  med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For
meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


 

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
6
Sted
Parkvegen 84, 6412 Molde
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ann Kristin Lillebostad Hovden
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Følg firma
210 følger dette firmaet

Parkvegen 84, 6412 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 282171625
Sist endret 24. nov. 2022 13:05

Rapporter annonse