Utløpt

Er du vår nye

Arbeidsgiver
Øygarden kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar til Grønebakkane bufellesskap, 100% fast
Frist
08.12.2022..
Ansettelsesform
Fast

Vi søkjer no etter Avdelingsleiar 100% fast til Grønebakkane bufellesskap

 

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

 
Om avdelinga:

Grønebakkane bufellesskap er eit bufellesskap for personar med utviklingshemming. Grønebakkane bufellesskap er lokalisert sentralt på Skogsvåg. Bufellesskapet har 4 husvære, og i tillegg blir det ytt tenester til 9 som bur utanfor bufellesskapet. Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, der trivsel, sjølvråderett, tillit og meistring vert lagt stor vekt på.

Det er knytt  26 årsverk til Grønebakkane bufellesskap og det er vaken nattevakt. Nokre tilsette går lange vakter.

Avdelingsleiar er ein del av MMNF sin avdelingsleiargruppe og det er tett samarbeid mellom tenestestadane.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Dagleg drift, fag og personalansvar
  • Samhandling med pårørande og andre samarbeidspartnarar
  • Bidra til utvikling av tenestene
  • Turnusplanleggjing

 

Kvalifikasjonar: 

  • Bachelor i vernepleie eller liknande kvalifikasjonar
  • Kjennskap til aktuelt lovverk
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Sertifikat klasse B

 

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå liknande arbeid
  • Relevant vidareutdanning
  • Kjennskap til hjelpeapparatet

 

Personlege eigenskapar:

  • Fleksibel
  • Løysingsorientert
  • Gode samarbeidsevner
  • Strukturert
  • Godt humør

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt: Einingsleiar Kristin Straume, 997 99 526

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Om arbeidsgiveren

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Administrasjonsspråket er nynorsk. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor
Offentlig
Sted
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5337 Rong
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Ledelse

Nøkkelord

Avdelingsleder, helse, vernepleier, leder

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kristin Straume
Telefon
56 12 22 12
Følg firma
321 følger dette firmaet

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5337 Rong

Annonseinformasjon

FINN-kode 282168768
Sist endret 24. nov. 2022 12:41

Rapporter annonse