Ferievikar 2023 - Sjukepleiar, barnepleiar, sjukepleiarstudentar m.m.
- Arbeidsgiver
- Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Ferievikar 2023 - Sjukepleiar, barnepleiar, sjukepleiarstudentar m.m.
- Frist
- 31.01.2023
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Klinikk Volda sjukehus treng ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2023. Vi treng sjukepleiarar, barnepleiarar, intensivsjukepleiarar, helsefagarbeidarar, pleieassistentar og studentar innan sjukepleie, barnepleie, medisin og helsefag.
Det er behov ved desse seksjonane i perioden f.o.m. veke 22 t.o.m. veke 35:
- Medisinsk sengepost Volda
- Kirurgisk sengepost Volda
- Intensiv Volda
- Akuttmottak Volda
- Føde, barsel og gyn.pol. Volda
Informasjon til søkjaren:
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikkane sine behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg.
Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til din CV.
Kvalifikasjonar
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
- Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
- Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn i henhold til gjeldande overeinskomst
- 3. års sjukepleierstudentar, vil ut frå gjevne kriterium, få fordelaktige vilkår i samband med ferievikaravtala
For meir informasjon om vår region, sjå Visit Møre og Romsdal
Om arbeidsgiveren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For
meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Kløvertunvegen 1, 6103 Volda
- Bransje
- Helse og omsorg
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Heide Rinn Grimstad
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar, Føde, barsel og gyn. pol. Volda
- Kontaktperson
- Øystein Urke
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar, Akuttmottak Volda
- Kontaktperson
- Aina Torine Rangsæter
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar, Kirurgisk sengepost Volda
- Kontaktperson
- Karen-Synnøve Hovden
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar, Intensiv Volda
- Kontaktperson
- Therese Heggedal Moltudal
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar, Medisinsk sengepost Volda
Kløvertunvegen 1, 6103 Volda