Utløpt

Har du hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne? Vi er på jakt etter deg 

Arbeidsgiver
Lotteri- og stiftelsestilsynet
Stillingstittel
Rådgivar/seniorrådgivar
Frist
06.12.2022
Ansettelsesform
Trainee

Er du ein person som likar å jobbe med menneske, og er nysgjerrig på korleis vi kan bruke teknologi for å effektivisere og automatisere oppgåver og prosessar? Då vil eininga vår for IT- og dokumenthandtering meir enn gjerne høyre frå deg. 
 
Stillinga er ein del av traineeprogrammet i staten og er reservert for søkarar med høgare utdanning som har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.
Her finn du informasjon om statens traineeprogram.
 
Eininga for IT- og dokumenthandtering jobbar med drift og utvikling av IT system, lagring og arkivering av dokument. Vi jobbar kontinuerlig med å betre og forenkle standard oppgåver, samt administrative prosessar med ny og moderne teknologi.

Du må gjerne komme med forslag til løysingar og utfordre korleis ting blir gjort i dag . Dine tankar og innspel er viktige i prosessen og blir godt tatt imot. Vi har ikkje fasiten på korleis arbeidet skal gjennomførast, men vi trur at vi kjem langt på veg ved å vere nysgjerrige, og ved å prøve og feile. Vi meiner at det er viktig at vi saman finn ut av endringar, og at vi kontinuerleg tilpassar oss nye krav og moglegheiter.  

Microsoft sin Power Platform tilbyr mange spennande verktøy som kan hjelpe oss med å få dette til, mellom anna Power Apps, Power Automate, Power BI eller Sharepoint Online. Dette er den vegen vi vil gå, og då treng vi hjelp frå deg som kan støtte oss i dette arbeidet. Det er ingen krav om kjennskap til desse verktøya frå før. Det viktigaste er at interessa og nysgjerrigheita er på plass. Alt kan lærast. 


Vil du vere med oss på denne vegen? Då håpar vi at du søker stillinga hos oss!


Arbeidsoppgåver

  • Automatisere dagens manuelle prosessar med hjelp av digitale verkty, bl. a Microsoft 365
  • Jobbe med Microsoft 365. Vi tilbyr deg kurs i dette, dersom dette er noko du ikkje har jobba med før
  • Vere ein god støttespelar for dei som sit med prosessansvar, og bidra med å finne gode løysingar for å erstatte dagens prosessar

Kvalifikasjonar

Til jobben treng vi deg som har høgare utdanning på høgskule/universitetsnivå på minimum bachelor nivå.

  • Kjennskap til Microsoft Power Platform er ein fordel, men du må ikkje nødvendigvis ha det
  • Interessert i teknologi og nysgjerrig på korleis vi kan bruke teknologi for å effektivisere og automatisere oppgåver og prosessar
  • Snakkar norsk og forstår engelsk for å kunne følge med på opplæringsvideoar, lese og forstå engelske bruksanvisningar

For å bli vurdert til stillinga, må du stadfeste at du er i målgruppa, ved å krysse av for nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en i søknaden.

Her finn du definisjon på nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig og motivert til å tileigne seg ny kunnskap
  • Evne og vilje til god samhandling
  • Likar å dele kunnskap med andre

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • Midlertidig tilsetting i eitt år
  • Som ein del av traineeprogrammet vil du delta digitalt i eit obligatorisk medarbeidarutviklingsprogram i regi av DFØ
  • Stillinga er 100 prosent, men det kan vi endre ved behov for tilrettelegging

I tillegg tilbyr vi:

  • Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn
  • Positive og engasjerte medarbeidarar med stor interesse for fagområda sine
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver der du kan påverke din eigen arbeidskvardag
  • Gode velferdsordningar og generelt fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse, som gir gunstige pensjons- og lånevilkår
  • Fleksibel arbeidstid og betalt overtid
  • Moderne kontorbygg i Førde sentrum, med eige treningsrom og kantine
  • IA-bedrift

 

Lønn og stillingstittel blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som rådgivar/seniorrådgivar stillingskode 1434/1364. Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.


Om arbeidsgiveren

Lotteri- og stiftelsestilsynet er eit av samfunnets viktigaste verkemiddel for å sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar i Norge. Kultur- og likestillingsdepartementet gir rammene for arbeidet vårt, og vi jobbar heile tida for å styrke brukarane våre.


Vi blei oppretta i Førde i 2001, og oppdraga våre utviklar seg stadig. No er vi nær 80 kunnskapsrike og engasjerte tilsette, med brei fagleg bakgrunn. 


Sjå www.lottstift.no for meir info.

Sektor
Offentlig
Sted
Storehagen 1B, 6800 Førde
Bransje
IT,
Offentlig administrasjon,
Arkiv og bibliotek
Stillingsfunksjon
Arkivar og bibliotekar,
IT drift og vedlikehold / IT-support

Nøkkelord

Førde

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Falk Michael Tewes
Stillingstittel
Fagdirektør
Telefon
95 85 93 48
Kontaktperson
Irene Bekken
Stillingstittel
Seniorrådgivar
Telefon
95 15 65 64
Følg firma
37 følger dette firmaet

Storehagen 1B, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 282059200
Sist endret 25. nov. 2022 09:10

Rapporter annonse