Utløpt

100 % stilling som autorisert rekneskapsførar innan landbruksrekneskap

Arbeidsgiver
Økonomiservice AS
Stillingstittel
Autorisert Regnskapsfører
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Me søkjer etter autorisert rekneskapsførar innan landbruksrekneskap. Me søkjer etter deg som har bakgrunn frå rekneskap, økonomi eller liknande. Økonomiservice har kontor i Sogndal, Lærdal, Leikanger, Årdal og dekkar soleis heile Indre Sogn. Riktig kandidat ynskjer å vidareutvikle selskapet som ein viktig støttespelar for næringslivet i regionen.


Bransjen og selskapet er i ei spanande utvikling med nye teknologiske løysingar og tenester der kundane sine behov er i endring. Me ynskjer å gjere kvardagen enklare for kundane våre gjennom å levere effektive tenester av høg kvalitet. Med utgangspunkt i dette er selskapet ein totalleverandør av økonomi- og rådgjevingstenester. 


ME KAN TILBY:

·       Stor grad av fleksibilitet

·       Kontorstad etter nærare avtale

·       Utfordrande, spanande og varierte arbeidsoppgåver

·       Deltaking i eit sterkt fagmiljø med moglegheit til utvikling både fagleg og på andre områder

·       Eit uformelt og godt arbeidsmiljø

·       Løn etter avtale, samt gode forsikrings- og pensjonsordningar

·       Kontorstad etter avtale


KVALIFIKASJONAR/EIGENSKAPAR: 

·       Autorisert rekneskapsførar med god kjennskap til landbruksrekneskap 

·       Trivast med kundekontakt og er flink til å bygge gode og langvarige relasjonar

·       Endringsvillig, løysingsorientert, framtidsretta og evne og vilje til å ta ansvar

·       Evnar å strukturere og effektivisere tenesteleveransen

·       Er omgjengeleg, positiv og har gode samarbeidsevner

·       Gode IT-kunnskapar og systemforståing


UTVALDE AKTUELLE ARBEIDSOPPGÅVER: 

·       Oppdragsansvar for eiga kundeportefølje 

·       Bidra til vidareutvikling av tenesteleveransane og kompetansebygging internt

·       Tilby økonomisk rådgjeving innan ulike områder som gir meirverdi for kundane

·       Arbeid med både manuelle og elektroniske rekneskap 

·       Rekneskapsføring, rapportering og årsoppgjer 


Dersom du er interessert i meir informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt med:

Solgun Haugen (leiar Team Landbruk) telefon 40 42 10 76 eller 

Catherine Stigen Bøen (dagleg leiar) telefon 48 16 71 22.


SØKNADSFRIST: 12.12.22

Om arbeidsgiveren

Økonomiservice AS

· Autorisert rekneskapsførarselskap som blant anna leverar tenester innan rekneskap, løn, skatt, økonomisk rådgjeving og leiarsupport

· Me er i dag 30 medarbeidarar fordelt på dei ulike kontora

· I 2019 hadde me 30-års jubileum og gjekk inn som partnar i Vekstrakjeda (https://vekstra.no/)

SAMAN SKAPAR ME VERDI - gjennom å vere Tett På - Løysingsorienterte - Framtidsretta

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Sted
Granden 23, 6856 Sogndal
Bransje
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap / Samfunnsøkonomi,
Økonomi og regnskap,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering

Nøkkelord

autorisertregnskapsfører, regnskapsfører, autorisert, regnskapsføring a-å, rådgivning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Catherine Stigen Bøen
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
48 16 71 22
Kontaktperson
Solgun Haugen
Stillingstittel
Leiar Team Landbruk)
Følg firma
41 følger dette firmaet

Granden 23, 6856 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode 282058265
Sist endret 4. jan. 2023 14:12

Rapporter annonse