Utløpt

Opplæringsstillingar: Matros i sambandet Magerholm-Sykkylven

Arbeidsgiver
Fjord1 AS
Stillingstittel
Opplæringsstilling: Matros i sambandet Sykkylven-Magerholm
Frist
06.12.2022
Ansettelsesform
Fast

Bli med på verdas største grøne revolusjon i ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

- Kunne du tenke deg å bli matros i Fjord1? Då tilbyr vi ein unik moglegheit! No har vi heile 3 opplæringsstillingar som vi ønskjer å tilby til engasjerte, hyggelege og lærevillige personar som går med ein sterk draum om ei maritim karriere! 

I denne stillinga har kandidatar utan kvalifikasjonar mogelegheit til å kome inn i eit opplæringsprogram på vegen mot å bli matros. Dette er ei fysisk krevande stilling, så du må like å vere i aktivitet. Varighet for arbeidsavtalen er fram til du har opparbeidd deg nok fartstid til å få utferda Ferdigheitssertifikat som matros (maks 20 månadar).

Fjord1 dekker utgiftene dine til helseerklæring for sjømenn, krise- og passasjerhandteringskurs, og grunnleggande sikkerheitskurs.

I denne stillinga jobbar du kun på dagtid, så du har mogelegheit til å bu heime. Det vil difor vere ein fordel å bu lokalt. Skiftordning: 2 veker på, og 2 veker av.

Ein flott jobb å kombinere med til dømes studier, fritid og familieliv.

Arbeidsoppgåver

  • Førefallande arbeid om bord
  • Billettering
  • Kundehandsaming
  • Andre oppgåver iht stillingsinnstruks

Kvalifikasjonar

  • Gyldig helseerklæring
  • Søker må ha fylt 18 år

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
  • Godt humør
  • God kommunikasjonsevne
  • Serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Lønn etter gjeldande tariffar for matros
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar
  • Skiftordning

Om arbeidsgiveren

Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.



Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.



Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.



Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Sektor
Offentlig
Sted
Fv656 36, 6013 Ålesund
Bransje
Maritim og offshore

Nøkkelord

Matros,, opplæringsstilling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tonje Natvik
Stillingstittel
Bemanningskoordinator
Telefon
90 85 59 87
Følg firma
224 følger dette firmaet

Fv656 36, 6013 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 281940647
Sist endret 22. nov. 2022 13:57

Rapporter annonse