Utløpt

Er du ein engasjert formidlar og vil jobba med haldningsskapande kommunikasjon?

Arbeidsgiver
NGIR
Stillingstittel
Kommunikasjonsrådgjevar
Frist
14.12.2022
Ansettelsesform
Fast

Er du opptatt av kommunikasjon, trivst med ein hektisk arbeidskvardag og ønskjer ein meiningsfull jobb? Då er det kanskje deg vi ser etter! Vi søkjer etter ein kommunikasjonsrådgjevar i 100 % fast stilling.


Hos oss får du ein viktig funksjon i organisasjonen, og du får driva med haldningsskapande arbeid, omdømebygging og produksjon av ulike typar informasjonsmateriell.

Vi ser etter deg som er engasjert, glad i å formidla og har erfaring med å utrykka deg både skriftleg og munnleg. Vi vil gjerne at du skal vera positiv, løysingsorientert og styrka oss med nye forslag og idear.

I NGIR blir du del av eit hektisk, sosialt og livleg arbeidsmiljø, med hjelpsame og trivelege kollegaer.

Arbeidsstaden din vil vera i administrasjonsbygget i Kjevikdalen, som neste år får splitter nye og moderne lokale.


Dine arbeidsoppgåver vil vera:

  • Administrera og ta imot skulebesøk
  • Produsera innhald til - og oppdatera nettsida
  • Planlegging, innhaldsproduksjon og publisering på sosiale medium
  • Annonsering (google, digitale kampanjar, avis, trykte annonsar)
  • Produsera tekster til annonsar, infoskriv, publikasjonar og SMS-varsling
  • Grafisk produksjon (årsmelding, infoskriv, brosjyrar, plakatar, annonsar o.l.)
  • Mediehandtering, skriva pressemeldingar og selja bodskap til media
  • Vera ansvarleg for NGIR sitt sponsorarbeid
  • Arbeida med nasjonale kampanjar (Returkartonglotteriet, Batteri-jakten, Strandryddeuka o.l.)
  • Kommunikasjonsfagleg rådgjeving
  • Deltaking i prosjekt med ansvar for kommunikasjonsarbeidet
  • Bidra internt med korrektur og kvalitetssikring av publikasjonar
  • Oppdatera interne infoskjermar
  • Bidra til generell informasjonsflyt internt i verksemda
  • Vera ansvarleg for verksemda sin grafiske profil; at denne er gjennomtenkt og gjennomført i alle aktuelle flater, både grafisk og fysisk


Kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning innan kommunikasjon/informasjon/medievitskap
  • Digital kompetanse og kjennskap til grafisk programvare og webpublisering
  • Erfaring med å skriva og ta bilete til ulike digitale plattformar
  • Gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg (administrasjonsmålet er nynorsk)

Det vert lagt stor vekt på dine personlege eigenskapar. Relevant erfaring kan kompensera for formell utdanning.


Personlege eigenskapar:

  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du tek initiativ og er kreativ
  • Du er open og trygg på å snakka framfor andre
  • Du trivst med å jobba sjølvstendig
  • Du er strukturert og nøyaktig
  • Du er hyggeleg og serviceinnstilt


Hos oss får du:

  • Ein meiningsfylt jobb i ei miljøbedrift
  • Ein variert arbeidskvardag med ansvar for fleire typar oppgåver, både langsiktige og kortsiktige
  • Jobb i ei bedrift med god tariffavtale, god pensjonsordning og personalforsikring.
  • Eit godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
  • Jobb i ei bedrift med ein aktiv velferdskomité som arrangerer blåtur, julebord og andre kjekke aktivitetar
  • Fleksibel arbeidstid og løn etter avtale


Har du spørsmål om stillinga? Ikkje nøl med å ta kontakt med dagleg leiar, Bjørn Berg, på tlf. tlf. 901 10 545.

Du sender søknad elektronisk via søkefunksjonen i utlysinga på finn.no

Attestar, vitnemål og referansar vil vi evt. be om seinare.


Vi gler oss til å høyra frå deg!

Om arbeidsgiveren

NGIR - Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS - tek seg av den offentlege renovasjonen i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Solund. NGIR har høg grad av kjeldesortering hjå innbyggjarane, og arbeidar for avfallsreduksjon til beste for miljø og klima.

NGIR driv informasjonsverksemd for å fremja kjeldesortering, og tilbyr opplegg for skulebesøk frå våre eigarkommunar.

Selskapet tilbyr og avfallstenester til næringslivet i regionen.

NGIR sitt avfallsanlegg og administrasjon ligg i Kjevikdalen i Alver kommune, ca 45 min køyring frå Bergen sentrum.

NGIR har ca 80 tilsette og omset for om lag 125 millionar kroner.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin
Bransje
Offentlig administrasjon,
PR, informasjon og kommunikasjon,
Renovasjon og renhold
Stillingsfunksjon
Journalist,
Markedsfører,
PR og informasjon
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Kommunikasjonsrådgiver, Undervisning, Informasjon, Rådgiver

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bjørn Berg
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
90 11 05 45
Følg firma
83 følger dette firmaet

Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin

Annonseinformasjon

FINN-kode 281781426
Sist endret 9. jan. 2023 17:28

Rapporter annonse