Utløpt

1. Maskinist i sambandet Arsvågen-Mortavika, pt. MF Mastrafjord

Arbeidsgiver
Fjord1 AS
Stillingstittel
1. Maskinist i sambandet Arsvågen-Mortavika, pt MF Mastrafjord
Frist
04.12.2022
Ansettelsesform
Fast

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Fjord1 har ledig stilling som 1. Maskinist i sambandet Arsvågen Mortavika, pt. MF Mastrafjord.

Oppstart snarast mogleg!

Gode Arbeids- og lønnsvilkår!

Sjøvaktordning: 2 veker på og 2 veker av.

Ein bur ombord i vaktperioden, og får dekt reisekostnader til/frå arbeid.


Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!

Arbeidsoppgåver

  • Oppgåver iht. alarminstruks
  • Vedlikehald av fartøyet sine teikningar og tekniske manualar
  • Oppdatere og vedlikehalde maskineri/komponentar
  • Oppdatere og à jour hald av vedlikehalds- og reservedelssystem
  • Halde dagleg oversikt over LNG og brennoljebehaldning og olje, samt forbruk av vatn
  • Ansvar for bunkring av gass og olje
  • Føre maskindagbok og oljedagbok
  • Sjå til at personell som utførar arbeid i maskin nyttar verne- og tryggleiksutstyr

Kvalifikasjonar

  • Maskinoffiser kl. 2.
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsforeskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Ferdighetssertifikat Videregående IGF
  • Gyldig helseattest

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
  • Godt humør
  • God kommunikasjonsevne
  • Serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Maskinistforbund.
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar
  • Sjøvakt: 2 veker på/2 veker av

Om arbeidsgiveren

Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.



Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.



Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.



Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Sektor
Privat
Antall stillinger
2
Sted
E39 90, 4150 Rennesøy

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Camilla Nordal
Stillingstittel
Bemanningskoordinator
Telefon
95 94 88 27
Følg firma
224 følger dette firmaet

E39 90, 4150 Rennesøy

Annonseinformasjon

FINN-kode 281422152
Sist endret 18. nov. 2022 13:16

Rapporter annonse