Økonomi- og administrasjonsansvarleg
Proresult AS
- Frist 30.4.2023
- Ansettelsesform Fast
Er du glad i økonomi, teknologi og folk?
Som økonomi- og administrasjonsansvarleg i Proresult vil du få ein variert og fagleg utfordrande jobb og ei nøkkelrolle i å påverke og vidareutvikle selskapet. Vi treng deg som kan bidra til at Proresult gjer dei strategisk rette grepa for å oppnå selskapet sine ambisjonar.
Kva spennande utfordringar får du?
Hos oss vil du få hovudansvaret for økonomien i selskapet, og vere det viktige bindeleddet mellom leiarar, regnskapsførar og revisor. Du får òg deler av det administrative og personalmessige hovudansvaret i selskapet. Gjennom økonomisk innsikt, analyser og anbefalingar ønsker vi at stillinga skal bidra til å skape vekst og lønnsemd. Du vil få ansvar for å utarbeide langsiktig økonomisk plan, årlege budsjett, prognoser og løpande likviditets- og resultatrapportar. Du vil bli utfordra av dyktige og innovative kollegaer som kvar dag jobbar med å utvikle produkta våre.
Dine viktigaste arbeidsoppgåver vil vere
- Månadleg resultatrapportering
- Utarbeide budsjett, prognosar, KPI’er og andre relevante styringsdata
- Administrative oppgåver, rekruttering, HR og personalansvar
- Fagleg sparringspartner for vårt utviklingsteam innan økonomi og rekneskap
- Sikre effektive og gode rutiner rundt økonomi, likviditetsstyring, administrative oppgåver med meir
- Identifisere og initiere effektiviseringstiltak
- Samarbeid med vår eksterne leverandør av lønn og rekneskapstjenester
- Prosjektarbeid, mellom anna knytt til vidareutvikling av økonomimodeller i Proresult-systemet
Kven er du?
Du er fagleg sterk og ein ansvarsfull, analytisk og forretningsorientert leiar. Du har blikk for heilskapen, samtidig som du likar å jobbe strukturert og nøyaktig. Du er god på å sparre med kollegaer, men er òg sjølvstendig og har god gjennomføringsevne.
Kvalifikasjoner vi vektlegg
- Relevant høgare økonomisk utdanning, der relevant erfaring kan erstatte masterutdannelse
- Arbeidserfaring innan ein eller fleire av følgande omårder: controlling, økonomiarbeid, personal, HR, leiing
- God lagspelar med initiativ og engasjement
- Strukturert, analytisk og nøyaktig
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Interesse for teknologi og nye måtar å jobbe på
- God digital- og systemkompetanse og erfaren bruker av Excel
Vi tilbyr
Du får være med å forme en spennende og nyoppretta stilling sammen med engasjerte, initiativrike og løysingsorienterte kollegaer. Vi er eit selskap med høge ambisjonar og vi vil gi deg gode føresetnader for å kunne skape resultat saman med oss. Vi tilbyr fleksitid og konkurransedyktige betingelsar, og vil legge til rette for ein god balanse mellom jobb og fritid.
Arbeidsstad er Førde.
Ny i Førde? På Peak Sunnfjord vil du møte et stort og innovativt miljø som tilbyr aktivitetar på fritida for deg som ønskjer å utvide nettverket ditt.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: 6800 Førde
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, IT - programvare, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering, Ledelse, Økonomistyring og budsjettering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Økonomiansvar, Økonomisjef, Økonomidirektør, CFO, Personalsjef
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 281384756
- Sist endret




