Utløpt

Spesialpedagog 100% fast stilling

Arbeidsgiver
Stiftinga Hamre Grendaskule
Stillingstittel
Spesialpedagog
Frist
15.06.2023
Ansettelsesform
Fast


Spesialpedagog 100% fast stilling


Hamre Grendaskule ønskjer å tilsetje spesialpedagog, frå og med 01.08.2023, i 100% fast stilling. Hamre Grendaskule er ein kristen friskule eigd av stiftinga Hamre Grendaskule.  Me ønskjer å knytta til oss medarbeidere som ynskjer å fremma skulens kristne målsetjing og er interessert i å bidra i utviklingsarbeid. 


Skulen ligg naturskjønt til på Hamre på vakre Osterøy med Hamre kyrkje som næraste nabo. Nærleiken til fjell og sjø gjev ein unik moglegheit til å integrera nærmiljøet inn i undervisninga.


Skulen er ein fådelt barneskule fra 1 - 7 klasse, som fra hausten tel 45 elevar, og har pr. i dag 14 ansatte. Me er ein liten skule der det er kort veg mellom styret, rektor og pedagogisk personale, dette bidrar til att alle kan påverka eigen arbeidskvardag. Vår målsetting er at både elevar og ansatte skal bli ivaretatt og føle seg verdsatt.


På Hamre Grendaskule skal me saman leggje til rette for læring for alle elevar og stimulera den enkeltes motivasjon, lærelyst og tru på eigen meistring. Me er opptatt av å førebygge utenforskap i eit inkluderande fellesskap og eit trygt skulemiljø som fremmar helse, trivsel og læring for alle.



Arbeidsoppgåver

  • Planleggje, gjennomføra og vurdera variert og framtidsretta opplæring av høg kvalitet og med god progresjon
  • Tilretteleggje for læring for elevar med ulike funksjonsnedsettingar, inkludert atferdsmessige utfordringer.
  • Det kan også påreknast undervisning i ordinære klassar
  • Bruk av evidensbasert metodikk og arbeidsmåtar
  • Tett samarbeid med føresette og ulike faginstansar



Kvalifikasjonar

  • pedagogisk grunnutdanning med minimum 60 stp. spesialpedagogisk videreutdanning.
  • Kompetanse i eller erfaring med kartlegging og spesialpedagogisk tilrettelegging, arbeid med IOP og vurderingsarbeid
  • det er ynskjeleg at søkar har erfaring frå arbeid med born med særskilte behov



Personlege eigenskapar

  • Du er genuint engasjert i elevane si læring og faglige utvikling.
  • Du har eit positivt elevsyn
  • Du har evne til god dialog med både elevar, foresatte og medarbeidare
  • Du kan arbeida ryddig, strukturert og målretta, både sjølvstendig og i team.
  • Du trivs med å ta elevar med på turar og ekskursjoner
  • Du kan bidra positivt inn i skulens kristenpedagogiske utviklingsarbeid.


 

Me tilbyr

  • Ein skule i utvikling og endring
  • Gode moglegheiter for eigen kompetanseutvikling
  • Ein spanande og utfordrande arbeidskvardag
  • Samarbeid og støtte frå kollegaer og rektor


Politiattest nyare enn 3 månader må kunna framvisast.

 Hamre Grendaskule har tariffavtale og er medlem av Statens Pensjonskasse.


Vår visjon:

 “Eit godt og kreativt læringsmiljø med tilhald i eit kulturhistorisk nærområde, forankra i vår kristen-humanistiske arv."


Søknadsfrist er 15.06.23

Søknad og CV kan sendast til post@hamregrendaskule.no


Kontakt rektor Ole Jan Aarvik for ytterlegare informasjon om stillinga post@hamregrendaskule.no 

Ole Jan Aarvik

Rektor Hamre grendaskule

tlf: 56191163 mob: 90503731

Om arbeidsgiveren

Stiftinga Hamre Grendaskule blei oppretta i 2015 etter at den kommunale skulen blei lagt ned i 2013. Skulen tel i dag 15 ansatte og 47 elevar.

Skuledrifta byggjer på dei kristne grunnverdiane slik desse kjem til uttrykk i Den Norske Kyrkja si trusvedkjenning. Skulen er ein kristen friskule og føl den offentlege læreplanen. Dei tilsette skal følgje krava til utdanning som undervisningspersonale ellers i den offentlege norske skulen.

Skulen er med i MITT VALG, som systematisk og over tid, styrker barns sosiale og emosjonelle kompetanse. Vi er også med i trivselsleiarprogrammet TL.

Sektor
Privat
Sted
Hamrenesvegen 745, 5281 Valestrandsfossen
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer,
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor,
Undervisning og pedagogikk / Spesialpedagog

Nøkkelord

lærer, allmennlærer, barneskole, undervisningsstilling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ole Jan Aarvik
Stillingstittel
Rektor
Mobil
90 50 37 31
Følg firma
3 følger dette firmaet

Hamrenesvegen 745, 5281 Valestrandsfossen

Annonseinformasjon

FINN-kode 281230648
Sist endret 25. jun. 2023 19:56

Rapporter annonse