Utløpt

Kontor-/administrasjonsmedarbeidar

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Kontor-/administrasjonsmedarbeidar
Frist
07.12.2022
Ansettelsesform
Prosjekt

Med om lag 1900 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø.
Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse.


Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar. Vi ligg langt framme når det gjeld bruk av synkron og asynkron undervisning, og vi legg stor vekt på å utnytte det digitale framtidsrommet. Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden.  Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.
 
Om stillinga

Fagskulen Vestland søkjer etter ein ny medarbeidar (2 års prosjektstilling) med oppgåver knytt til Industrifagskulen og drift ved studiestad Førde. Stillingstittel Konsulent
Det er viktig at du arbeider sjølvstendig og systematisk med oppgåvene, og samtidig har gode samarbeidsevner.

 

Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for planlegging og praktisk gjennomføring av utdanningar fagskulen tilbyr som deler av Industrifagskolen
  • Administrative driftsoppgåver, som å svare på førespurnader frå studentane, bidra med støttefunksjonar for tilsette, arrangementsstøtte, heimeside/SOME
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar

  • Administrativ utdanning / fagbrev / relevant arbeidserfaring
  • Kjennskap til studentadministrative system, LMS og liknande er ein føremon
  • Gode IKT kunnskapar
  • God skriftleg framstillingsevne 

Personlege eigenskapar

  • Har gode samarbeidsevner
  • Er initiativrik og sjølvstendig
  • Trivest med utfordringar
  • Nøyaktig og systematisk

Vi tilbyr

  • Eit triveleg og godt arbeidsmiljø
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk

Arbeidsstad:
Fagskulen Vestland, studiestad Førde  (Skaparhuset – 3.etasje, Øyrane 12)

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Øyrane 12, 6800 Førde
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon / Kontorarbeid

Nøkkelord

konsulent,, administrasjon,, kontor,, forvaltning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Siv Solheim
Stillingstittel
admininstrativ leiar
Telefon
95 17 41 59
Kontaktperson
Hege Aarethun
Stillingstittel
administrasjonsleiar     
Telefon
99 50 92 87
Følg firma
1076 følger dette firmaet

Øyrane 12, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 281215972
Sist endret 30. nov. 2022 11:17

Rapporter annonse