Utløpt

Informasjonssikkerhetskonsulent, risikostyring

Arbeidsgiver
Helse Vest IKT
Stillingstittel
Informasjonssikkerhetskonsulent, risikostyring
Frist
Så snart som mogleg
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Vest IKT AS

Sikker og moderne IKT er ein viktig bidragsytar for at sjukehusa skal kunne drive effektivt og godt, også i framtida. Helse Vest IKT har ansvar for produksjon av IKT-tenester til alle sjukehusa i Helse Vest, med høge krav til stabilitet, kvalitet og tryggleik. Med cirka 1300 system og i overkant av 30 000 sluttbrukarar er vi blant dei største IKT-miljøa på Vestlandet.

Seksjonen har i dag ti engasjerte medarbeidarar i tillegg til leiar, av desse arbeider fire med risikostyring som hovudoppgåve. Arbeidsoppgåvene inkluderer mellom anna tilrettelegging og gjennomføring av risikovurderingar, dagleg ansvar for ITIL-prosessen informasjonstryggleik og for styringssystem for informasjonstryggleik og personvern i Helse Vest IKT, produksjon av materiale til informasjonsarbeid knytt til informasjonstryggleikskultur, rådgjeving innan sikkerheitsarkitektur og IAM, bistand i samband med prosjektgjennomføring, innkjøp og kravspesifikasjonar, leverandørstyring og utvikling, samt gjennomføring av sikkerheitstestar og bistand i samband med logganalyse/deteksjon og beredskapssituasjonar.

Helse Vest IKT har kontor i Stavanger, Haugesund, Bergen og Førde - arbeidsstad vil dermed vere ein av desse.

Arbeidsoppgåver

  • Støtte helseføretaka i Helse Vest i samband med risikovurderingar knytt til informasjonstryggleik, og saman med risikoteamet sikre god planlegging, gjennomføring og dokumentasjon av gjennomførte risikovurderingar
  • Hjelpe risiko- og tiltaksansvarlege med å følgje opp og dokumentere risikoreduserande tiltak
  • Saman med risikoteamet vidareutvikle metodikk og verktøy for risikostyring og sikre at gjennomføringa held tilstrekkeleg kvalitet
  • Bidra til opplæring i informasjonstryggleik og personvern, også med utarbeiding av materiale til bruk i regionen
  • Støtte i andre informasjonstryggleiksaktivitetar i tråd med interesse og kapasitet

Kvalifikasjonar

  • Relevant, høgare utdanning frå høgskule/universitet, eventuelt dokumentert yrkeserfaring innan fagområda
  • Dokumentert bakgrunn frå eller innsikt i IKT-tekniske fag
  • God forståing av IKT-infrastruktur
  • Kjennskap til risikovurdering som fagfelt
  • Kjennskap til informasjonssikkerheit og personvern er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Struktur og god evne til å følgje opp oppgåver på eiga hand og saman med andre
  • Være god på å leie møter og styre diskusjonar fram til gode resultat
  • Ha evne til konstruktiv bekymring, samtidig som du ser moglege tiltak og løysingar
  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne

Vi tilbyr

  • Eit godt og stort fagmiljø på IKT-tryggleik, risikostyring og personvern i eit innovativt og driftig arbeidsmiljø i Helse Vest IKT
  • Spennande oppgåver som gjer stor og synleg vinst i samfunnet
  • God opplæring, både i informasjonssikkerheit og i vår ROS-metodikk
  • Gode moglegheiter for kompetanseutvikling
  • Fleksibel arbeidsordning, både med tanke på arbeidsstad og -tid
  • Gode pensjonsordningar under KLP

Om arbeidsgiveren

Helse Vest IKT AS vart etablert i november 2004, og er eigd 100 prosent av det regionale helseføretaket - Helse Vest RHF. Selskapet leverer IKT-tenester til helseføretaka i Helse Vest RHF, samt til private, ideelle institusjonar. Helse Vest IKT har i dag ca 670 tilsette fordelt på kontor i Stavanger, Haugesund, Bergen og Førde. Vi deltek aktivt i nasjonalt arbeid innanfor IKT i helsesektoren. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 32, 5096 Bergen
Flere arbeidssteder
  • 6800 Førde
  • 5527 Haugesund
  • 4068 Stavanger
Bransje
IT,
IT - programvare,
IT - maskinvare
Stillingsfunksjon
Sikkerhet,
Konsulent,
IT utvikling / IT-sikkerhet

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Harald Flaten
Stillingstittel
Avdelingsleder
Telefon
95 94 52 37
Kontaktperson
Jens Vatne
Stillingstittel
IAM arkitekt - konst. seksjonsleder
Følg firma
827 følger dette firmaet

Haukelandsveien 32, 5096 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 281177379
Sist endret 16. nov. 2022 11:32

Rapporter annonse