Utløpt

Matros til sambandet Leirvåg-Sløvåg, pt. MF Storfjord

Arbeidsgiver
Fjord1 AS
Stillingstittel
Matros til sambandet Leirvåg-Sløvåg, pt. MF Storfjord
Frist
28.11.2022
Ansettelsesform
Fast

Den store breidda i Fjord1 - både fagleg og geografisk - gir mange moglegheiter for ein spennande og variert kvardag for deg som ønskjer å jobbe hos oss! 


Vi er stolte av å vere det største ferjeselskapet i Noreg med 1100 fast tilsette på sjø og land, frå Bodø i nord til Rogaland i sør. Våre tilsette i administrasjonen jobbar frå kontora i Florø, Bergen og Molde. 


I Fjord1 arbeider vi med ny og moderne teknologi i verdsklasse, og visjonen er å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Vi jaktar etter skarpe hovud, og heiar på mangfald. Fjord1 skal vere ein trygg arbeidsplass der du får god fagleg og personleg utvikling.

No har vi ei ledig stilling som matros i sambandet Leirvåg-Sløvåg, pt. MF Storfjord.Denne ferja vart bygd i 2011, og er ombygd til hybrid med batteri som primær energikjelde for framdrift.

Du jobbar døgnskift med 3 veker på, og 3 veker av.

Det er ein fordel å bu lokalt, og det er difor ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!

Arbeidsoppgåver

  • Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
  • Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
  • Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
  • Oppgåver knytt til alarminstruks
  • Verne- og miljøarbeid
  • Kundehandsaming

Kvalifikasjonar

  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

  • Godt humør
  • Evne til å arbeide tett med mennesker over tid
  • God til å kommunisere
  • Serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom RLF/NHO og Norsk Sjømannsforbund
  • Skiftordning: Døgnvakt 3 veker på og 3 veker av
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar

Om arbeidsgiveren

Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.



Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.



Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.



Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Sektor
Offentlig
Sted
Primær Fylkesveg 57, 5953 Fonnes
Bransje
Maritim og offshore
Stillingsfunksjon
Sjøfart / Matros

Nøkkelord

Matros

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Liv Wickstrøm
Stillingstittel
Bemanningskoordinator
Telefon
90 50 67 79
Følg firma
232 følger dette firmaet

Primær Fylkesveg 57, 5953 Fonnes

Annonseinformasjon

FINN-kode 280969755
Sist endret 14. nov. 2022 15:52

Rapporter annonse