Utløpt

Kommunikasjonsrådgiver med ansvar for innhald, Sandnessjøen, Steinkjer eller Sogndal

Arbeidsgiver
KOMPETANSESENTER FOR DISTRIKTSUTVIKLING
Stillingstittel
Kommunikasjonsrådgiver
Frist
04.12.2022
Ansettelsesform
Fast

Distriktssenteret søkjer deg som brenn for å få godt innhald til å leve på nett. Det er du som veit kva som er rett innhald på rett stad. Det er du som får oss til å kommunisere på nye måtar, fordi du veit at det er då vi når fram!

Likar du både å administrere nettsider og løfte innhaldet til nye høgder? Tenkjer du òg at å bu i Distrikts-Noreg er noko som er ein god ting for både deg og andre? Då må du lese vidare.

I Distriktssenteret vil du bli med på eit engasjert lag som arbeider med å skape gode lokalsamfunn i distrikta. Som nasjonalt kompetansesenter kan vi veldig mykje om lokal samfunnsutvikling. Din jobb handlar om å gjere all kunnskapen tilgjengeleg og brukbar for dei som treng den.

Du er altså ei kreativ sjel som brenn for god formidling. Samtidig er du skrudd saman på ein måte som gjer at du har full kontroll på arbeidet vårt på nett.

Du må ha relevant erfaring eller utdanning, og arbeidsprøvar å vise til. Det fell deg lett å skrive gode tekstar både på nynorsk og bokmål. Du får også kollegene dine til å skrive godt. Du veit godt at rettskriving ikkje er nok, og at det er mange andre typar innhald enn tekst. Du tør å prøve og feile, og du er trygg nok til å kome med spreke forslag.

Du får sjølv vere med på å forme stillinga. Kva du kan vil vere avgjerande for kva du skal gjere. 

Det vi veit du skal jobbe med

  • Kvalitetssikre og publisere innhald andre har laga til distriktssenteret.no og merkur-programmet.no 
  • Oppdatere og slette innhald som treng dette
  • Lage innhald sjølv
  • Dele innhald i sosiale medier
  • Passe på at vi følgjer krav til kommunikasjon frå det offentlege (som universell utforming og klarspråk) 
  • Hjelpe kolleger med å spisse bodskap og formidle godt

Noko av det vi håpar du kan jobbe med

  • Utvikle nye typar innhald og finne nye måtar å nå fram med bodskapen vår på
  • Produsere webinar (og kanskje podcast?)
  • Måle effekten av kommunikasjonsarbeidet vårt
  • Arbeide med bilete, film og grafisk uttrykk
  • Skrivearbeid, korrekturlesing
  • Internkommunikasjon
  • Lure måtar å dele kunnskap på
  • Vidareutvikling av kommunikasjonsarbeidet vårt

Viktige punkt om deg

  • Det aller viktigaste for oss er det du viser at du kan og det du vil få til.
  • Bakgrunn, utdanning og alder er mindre viktig, men både relevant erfaring og utdanning kan vere ein fordel.
  • Du er innovativ, kreativ og ser etter nye løysingar. Du tør seie frå og utfordre oss.
  • Du ser nytten av og har orden nok til å gjere oppgåver du må.
  • Du har gode digitale ferdigheiter som smittar over på dei rundt deg.
  • Du er glad i å jobbe åleine og saman med andre.
  • Du har erfaring med publiseringsløysingar (vi brukar WordPress) Microsoft 365 og andre verktøy som trengs i stillinga.
  • Du er god på både nynorsk og bokmål.

I Distriktssenteret får du:

  • eit fagleg sterkt, engasjert og godt arbeidsmiljø
  • varierte arbeidsoppgåver og hyppig bruk av moderne digitale verktøy
  • gode utviklingsmoglegheiter, fleksibel arbeidstid, konkurransedyktig lønn og medlemskap i Statens pensjonskasse
  • topp moderne kontor i Steinkjer, Sandnessjøen eller Leikanger

Jobb i Sogndal, Sandnessjøen eller Steinkjer

Du vel sjølv kva for eit av kontora våre du vil jobbe på. Skriv i søknaden kva som passar deg. Alle kontora våre er moderne, har heilt eller delvis ope landskap og er godt tilrettelagt for ein fleksibel arbeidskvardag. I Sogndal held vi til i moderne lokalar hjå Statens vegvesen på Leikanger, på Steinkjer er vi på InnoCamp, medan vi i Sandnessjøen nettopp har flytta inn i det nyrenoverte Flusthuset.

Tenkjer du at du er den rette for stillinga? Ikkje nøl med å sende ein søknad!

Om arbeidsgiveren

Distriktssenteret er et nasjonalt, statlig kompetansesenter som jobber for å styrke attraktiviteten til kommuner og regioner. Vi tilbyr kommunene gratis faglig hjelp og kompetanse, og bygger på erfaringer fra små og store prosjekter i distriktene.  Vi forvalter også Merkur-programmet som gir tilskudd og kompetanspåfyll til distriktsbutikker. Vi er 28 engasjerte og framoverlente kollegaer i Alstahaug, Sogndal og Steinkjer.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Skolegata 22, 7713 Steinkjer
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Medie- og innholdsproduksjon,
Offentlig administrasjon,
PR, informasjon og kommunikasjon
Stillingsfunksjon
Journalist,
PR og informasjon,
Tekstforfatter
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

nettredaktør, innholdsprodusent, kommunikasjonsarbeid, publiseringsløsninger

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marit Mellingen
Stillingstittel
Direktør
Mobil
47 25 22 09
Kontaktperson
Dan-Erik Aggvin
Stillingstittel
kommunikasjonssjef
Mobil
92 47 71 47
Følg firma
3 følger dette firmaet

Skolegata 22, 7713 Steinkjer

Annonseinformasjon

FINN-kode 280919577
Sist endret 27. des. 2022 15:09

Rapporter annonse