Utløpt

Plansjef i Ullensvang kommune

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune
Stillingstittel
Plansjef i Ullensvang kommune
Frist
30.11.2022
Ansettelsesform
Fast

Mellom fagre fjell og opne vidder, på begge sider av majestetiske Sørfjorden, ligg Ullensvang kommune som i eit eventyrlandskap. Her finn du nydeleg natur, pittoreske bygder, koselege folk, og eit variert kulturtilbod. Inst inne i Sørfjorden ligg småbyen, region- og kommunesenteret Odda. No har me ledig jobb som plansjef - ei av dei mest spanande stillingane i regionen.


Ullensvang kommune er ambisiøs i plan- og utviklingsarbeidet. Me opplever no ei stor utvikling i næringslivet, saman med eit betydeleg press på bustadmarknaden. Kommunen er viktig for vidare tilrettelegging og styring av utviklinga. Plansjefen spelar her ei sentral rolle.


I stillinga ligg leiaransvaret for verksemda Samfunnsutvikling og Plan, som i skrivande stund tel åtte personar. Verksemda arbeider mellom anna med:

  • Utarbeiding av kommunale planar
  • Prosjektutvikling i sentrumsområda og bygdene
  • Handsaming av private planar
  • Rådgjeving og handsaming av saker knytt til naturmiljø, verneområde og kraftutbygging
  • Friluftsliv og idrett, samt Litteratursymposiet
  • Deltaking i tverrfaglege utviklingsprosjekt i kommunen

Som Plansjef vil du vere involvert i mange ulike prosessar og prosjekt, med hovudvekt på planlegging. Dette krev god kompetanse og erfaring knytt til planlegging og systemforståing. Mange av prosessane er tverrfaglege og får store konsekvensar for samfunnet over tid. Det er såleis naudsynt at du har eit grunnleggjande engasjement og interesse for samfunnsutviklinga i kommunen.


Leiaransvaret omfattar personal-, økonomi- og fagansvar. Du må såleis vere motivert og ha klare tankar om korleis du vil utøve leiarskapet. Dei tilsette har god og variert kompetanse og verksemda leverer i dag bra framdrift i prosjekta. Plansjefen er ansvarleg for denne framdrifta, i tråd med den politisk vedtekne planstrategien.


Samspelet mellom politikk, administrasjon og innbyggarar/næringsliv er sentralt for å oppnå gode og effektive prosessar. Gode evner knytt til samarbeid og kommunikasjons er difor viktig.


Me kan tilby:

  • Moglegheiter til å påverke samfunnsutviklinga i ein region der det skjer mykje
  • Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Leiaransvar for ei dyktig gruppe med tilsette
  • Konkurransedyktig lønn


Me ser etter deg som:

  • Har relevant utdanning og erfaring
  • Er motivert for å lede eit tverrfagleg fagmiljø
  • Er engasjert og samfunnsinteressert
  • Er strukturert og har system- og lovforståing
  • Trivst med å jobba med menneske


Sektor
Offentlig
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kristian Bondhus-Jensen
Stillingstittel
Kommunalsjef
Mobil
97 55 86 00
Følg firma
74 følger dette firmaet

Opheimsgata 31, 5750 Odda

Annonseinformasjon

FINN-kode 278825005
Sist endret 9. des. 2022 11:28

Rapporter annonse