Utløpt

Bli ein del av eit robust fagmiljø med konkurransedyktig lønsvilkår!

Arbeidsgiver
Austevoll kommune
Stillingstittel
ALIS - Fastlønnet lege/fastlege i 100% stilling
Frist
18.12.2022..
Ansettelsesform
Fast

Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.

Austevoll legesenter søkjer fastlegar. Vi tilbyr fast tilsetting i Austevoll kommune. Vi søkjer deg som er spesialist i allmennmedisin, eller lege med gjennomført LIS 1 som ønskjer ALIS stilling.

Vårt legesenter er eit veldrevet kommunalt legesenter med god sjukepleiedekning og primærhelseteam. Legesenteret har 6 tilsette fastlegar, i tillegg til LIS 1 lege. Vi er stolte over å levere helsetenester til våre 5300 innbyggjarar.

På Austevoll legesenter er vi oppteke av fagutvikling og innovasjon. Kommunens helsetenester er samlokalisert, og vi har eit bredt samarbeid med spesialisthelsetenesta, for å sikre eit tverrfagleg samarbeid til beste for pasientane. Vi har høg fagleg standard på våre tenester, og vi forsøkjer å løyse mest mogeleg av pasientane sine helsebehov lokalt.

Vår legevakt er 7 delt, heimevakt med utrykking. Austevoll har ambulansebil og båt stasjonert i kommunen.

Som tilsett fastlege får du mogelegheit til å konsentrere deg om det faglege arbeidet, kor du slepp å bruke tid på administrative oppgåver og praksisdrift.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Fastlege med listeansvar på 1000+, avtales nærmare ut i frå kompetanse og andre arbeidsoppgåver tilhøyrande stillinga
  • Andre allmennmedisinske oppgåver inntil 20% stilling jamfør fastlegeforskriften
  • Deltakelse i legevakt dag, kveld/natt og helg
  • Deltakelse i primærhelseteam
  • Veiledning av studentar og legar i utdanningsstillinger
  • Jobbe tverrfagleg innafor kontoret og med andre tenester

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege med gjennomført LIS 1
  • Spesialist i allmennmedisin eller ønskjer spesialisering
  • Gode fagkunnskaper og ferdigheiter
  • Gode evner innafor akuttmedisin
  • Førerkort klasse B
  • Plettfri vandel, politiattest kreves ved tilsetting

Søkjar må vere personleg eigna for stillinga. Vi søkjer deg som er triveleg, engasjert, har gode kommunikasjons og samarbeidsevner, vidare må vår nye kollega:

  • Brenne for allmennmedisinfaget og pasientane
  • Trivs med akuttmedisin og legevakt
  • Vere løysningsorientert og pliktoppfyllende
  • Ha gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg

Vi tilbyr

  • Tilrettelegging for dagpendling eller vekependling ved behov og du har mogelegheit for overnatting på legevakt for vakthavande
  • Utdanningsstilling med betalt og tilrettelagt ALIS, med rettleiing og redusert listetak ved behov under utdanning
  • Ved interesse for samfunnsmedisin kan stillinga tilretteleggast med nokre arbeidsoppgåver innafor det samfunnsmedisinske fagområdet. 
  • Eit svært godt og støttande kollegialt miljø
  • Løn etter avtale, med konkurransedyktig lønsvilkår 
  • Sjølvstendig næringsdrivande som legevaktslege
  • Kommunal ansettelse med pensjon i KLP

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsgiveren

Austevoll er ei øygruppe og ein kommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. Kommunen har eit folketal på 5.300 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 500 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 400 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!

Sektor
Offentlig
Sted
Birkelandsvegen 6, 5392 Storebø
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege / Allmennmedisin

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Inger Uglenes
Telefon
55 08 10 50
Følg firma
76 følger dette firmaet

Birkelandsvegen 6, 5392 Storebø

Annonseinformasjon

FINN-kode 278632979
Sist endret 24. nov. 2022 13:21

Rapporter annonse