Utløpt

Kunderådgjevar Kundesenteret

Arbeidsgiver
SOGN SPAREBANK
Stillingstittel
Kunderådgjevar Kundesenter
Frist
15.11.2022
Ansettelsesform
Fast

Me søkjer kunderådgjevar til Kundesenteret i Sogn Sparebank.

Kundesenteret er første kontaktpunkt mellom kundane og banken. Frå fyrste stund vil me gje gode kundeopplevingar og løyse kundane sine små eller store utfordringar på best og raskast mogeleg måte. I banken vår er alle medarbeidarane på kundesenteret lokale sogningar, med høgt kundefokus.  No ser me etter fleire medspelarar som kan vere med på å skape dei gode kundeopplevingane.



Me trur vår neste medspelar har desse eigenskapane

  • Kundefokusert, og ser verdien av å skape dei beste kundeopplevingane
  • Sjølvstendig, men samstundes ein lagspelar som er oppteken av å spele andre på laget gode.
  • Salsorientert og offensiv, med eit ynskje om å prestere for å løfte banken sitt resultat
  • Positiv, løysingsorientert og samarbeidsvillig
  • Tek endringar på strak arm og er ivrig etter å tileigne deg ny kompetanse
  • Stor arbeidskapasitet


Det er ynskjeleg at du har følgjande kvalifikasjonar

  • Utdanning innan til dømes marknad og kommunikasjon, økonomi, berekraft og liknande er flott, men har du relevant erfaring eller annan utdanning vil me også høyre frå deg
  • Du har eller kan tileigne seg kunnskap innan forsikringsområdet
  • God formidlingsevne
  • Innsikt og interesse for teknologi og digitale løysingar


Dine arbeidsoppgåver

  • Vere kunden sitt første kontaktpunkt og banken sitt ansikt utad
  • Handsama spørsmål og saker frå kundane på ein rask og korrekt måte
  • Avdekke kundebehov og finne gode løysingar for den enkelte
  • Formidle banken sine produkt og tenester
  • Vere oppdatert på digitale løysingar og evne å formidle kunnskapen vidare



Me tilbyr

  • Konkurransedyktige vilkår
  • Kontorstad på eit av våre kontor
  • Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver med gode moglegheiter for eigen utvikling
  • Gode moglegheiter til å påverke miljøet og eigen arbeidssituasjon
  • Ein av marknaden sin beste pensjons, lån og forsikringsordningar


Me håpar å høyre frå deg!

Om arbeidsgiveren

Sogn Sparebank er styrt frå Sogn og i kraft av samfunnsansvaret vårt gjev me tilbake til Sogn. Kvart år deler me ut ein del av overskotet i form av gåvemidlar til ålmennyttige tiltak, me sponsar organiserte aktivitetar for born og unge og me er ein stor bidragsytar for festivalar og arrangement i vårt området. I tillegg jobbar me tett på næringslivet og kjenner både kundar og området godt.

Sogn Sparebank har eit stort mangfald av produkt innan forsikring, kreditt, sparing og økonomisk rådgjeving som blir gjeve tilbod om så vel private kundar som til bedrifter. Sparebanken og Eika arbeider heile tida med å utvikle produkta våre og tilpassar tenestene våre etter kundane sine behov.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Sted
Statsråd Evensensveg 8, 6885 Årdalstangen
Bransje
Bank, finans og forsikring
Stillingsfunksjon
Kundeservice,
Rådgivning / RådgivningRådgivning

Nøkkelord

kundesenter, kundeservice og support, forsikring, salg, lokalbank

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingeborg Indrelid
Stillingstittel
Leiar Stab
Mobil
47 24 40 89
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Ragnhild Skahjem Tofastrud
Stillingstittel
Leiar kommunikasjon og kundeopplevingar
Mobil
48 00 14 30
Nettverk
LinkedIn
Følg firma
19 følger dette firmaet

Statsråd Evensensveg 8, 6885 Årdalstangen

Annonseinformasjon

FINN-kode 278502264
Sist endret 6. des. 2022 14:40

Rapporter annonse