Utløpt

Vi søkjer dyktige sjåførar

Arbeidsgiver
Bingsa Gjenvinning AS
Stillingstittel
Sjåfør
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Innsamling av framtidas råvarer til gjenvinning er ei av dei viktigaste samfunnsoppgåvene i det grøne skiftet. Overgangen til ein sirkulær økonomi krev fleire tilsette i gjenvinningsbransjen. Dette gjer bransjen meir attraktiv enn nokon gang.

Som følgje av samanslåing av ÅRIM og Bingsa Gjenvinning AS riggar vi oss for framtida og treng fleire dyktige sjåførar.


Kva går jobben ut på?

Vi ser etter kvinner og menn som tar i eit tak, legg stolthet i trygg og elegant manøvrering av lastebil i tronge strøk, og som likar å vere aktive når dei jobbar.

Jobben krev fleksibilitet. Innsamlinga av avfall skjer først og fremst mellom klokka 06:00 og 14:00, men store avfallsmengder, høgtider og vêrforholda kan føre til behov for overtid.

Arbeidsoppgåver:

  • Innhenting av avfall i Ålesundregionen, først og fremst frå hushaldning
  • Vedlikehald og reinhald av bilane
  • Registrering av skadar på innsamlingsutstyr, og rapportering av eventuelle avvik
  • Bidra til å optimalisere køyreruter
  • Andre arbeidsoppgåver ved våre anlegg kan bli aktuelt


Vi ønskjer at du har:

  • Sertifikat klasse C
  • Sertifikat G8 for kran
  • YSK-bevis
  • Gjerne ADR
  • Gode norsk-kunnskaper
  • God helse og fysisk form er eit absolutt krav


Vi håpar du er:

  • God på kundebehandling
  • Godt kjent med bruk av elektroniske hjelpemidler
  • Nøyaktig og ærekjær
  • Løysingsorientert og initiativrik
  • God på å samarbeide med andre


Vi kan tilby

  • Ei interessant stilling i ein av Noregs mest framtidsretta bransjar
  • Arbeid i ei solid bedrift med gode og trygge framtidsutsikter
  • Ryddige løns- og arbeidsvilkår
  • Godt arbeidsmiljø med dyktige og trivelege kollegaer
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein meiningsfull og viktig jobb der du er med på å samle inn framtidas råvarer


Arbeidstid- og stad er i hovudsak ordinær kvardag og lokal køyring, men til tider vil det vere lengre arbeidsdagar/ruter, med moglegheit for avspasering. Arbeidsstad har utgangspunkt frå vårt anlegg på Bingsa i Ålesund.


Vi ønskjer ein arbeidsstokk som representerer samfunnet vi er del av. Vi er opptatt av kulturbygging på arbeidsplassen, og å leggje til rette for at den enkelte i selskapet opplev både mål og meistring i arbeidskvardagen. Vi oppfordrar kvinner til å søkje.


Om arbeidsgiveren

Bingsa Gjenvinning blei omdanna til aksjeselskap frå juni 2019 og gjennomgikk dei to påfølgande åra ein solid snuoperasjon i driften.

Frå 1. januar 2022 samla Bingsa Gjenvinning og ÅRIM seg i eit nytt miljøselskap. Selskapet er eit kompetansesenter som legg vekt på miljøvennleg og effektiv drift. Samla er vi eit av nordvestlandets største miljøselskap og ein totalleverandør innan avfallsløysingar for nærings- og hushaldkundar. Selskapet er eid av Ålesund, Giske, Sula, Fjord, Vestnes, Sykkylven og Stranda kommune.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Alvikvegen 194, 6019 Ålesund
Bransje
Industri og produksjon,
Miljøtjenester,
Renovasjon og renhold
Stillingsfunksjon
Logistikk og lager / Truckfører,
Mekanikk og installasjon,
Transport og sjåfør
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

sjåfør, kranbil, transport, logistikk, gjenvinning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tom Haugen
Stillingstittel
Leiar for Innsamling
Mobil
94 15 49 47
Følg firma
31 følger dette firmaet

Alvikvegen 194, 6019 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 277437182
Sist endret 7. jan. 2023 12:32

Rapporter annonse