BESATT

Er du kreativ, og likar ein utfordrande kvardag?

Arbeidsgiver
NORDVESTPROFIL AS
Stillingstittel
Produksjonskoordinator
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med NORDVESTPROFIL AS

Prosjektkoordinator grafisk

 

Vi er i vekst, og treng ein framoverlent person som likar aktive dagar. Du vert knutepunktet mellom kunde og prosjekt, med oppgåver både innanfor sal, prosjektflyt og grafisk produksjon. 


Vi treng ein person som brenn for å levere, som tek utfordringar på strak arm, og som kan tileigne seg kunnskap om datasystem og rutiner snarast råd.


Arbeidsoppgåver: 

  • Grafisk produksjonsflyt og prosjektleiing 
  • Kundekontakt og ordremottak
  • Sal og service
  • Grafisk formgjeving av skilt, dekor, profilering
  • Varebestilling og kontakt med underleverandørar

 

Vi håpar du: 

  • Er sjølvstendig, effektiv og nøyaktig
  • Har godt humør, og er ein bidragsytar til godt arbeidsmiljø
  • Har erfaring med kundehandsaming
  • Har grafisk utdanning, eller tilsvarande lang erfaring
  • Har gode kunnskapar i bruk av Adobe Illustrator, Photoshop og InDesign
  • Har lyst å vere med å utvikle bedrifta vår vidare
  • Har gode norsk- og engelskkunnskapar både munnleg og skriftleg

 

Vi: 

  • Har stor og moderne maskinpark, og mange flinke hender i sving
  • Er størst på storformatprint og profilering i vårt område.
  • Er ein ung og kreativ gjeng, som har det kjekt på jobb!
  • Har natur, fjell og fjord innan rekkevidde (+/- 2 min)
  • Har lyse, moderne lokale i Ørsta sentrum
  • Tilbyr gode vilkår, fri bruk av telefon, tilgong på firmabil i arbeidstida


Bur du ein annan stad i landet, og ynskjer å busette deg i hjartet av Sunnmørsalpane?

Vi hjelper deg med å finne bustad! 


Spørsmål kan rettast til dagleg leiar Eilev Mo,

tlf: 40566902

Om arbeidsgiveren

Ei framoverlent profileringsbedrift med moderne maskinpark, midt i hjartet av Sunnmørsalpane!

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Parkvegen 2, 6153 Ørsta
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Forlag og trykkeri,
Markedsføring og annonsering,
Medie- og innholdsproduksjon
Stillingsfunksjon
Design / Grafisk,
Design / Illustrasjon,
Design / Industri
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Design, Kreativ, Profilering, Print, Reklame

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eilev Mo
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
40 56 69 02
Følg firma
2 følger dette firmaet

Parkvegen 2, 6153 Ørsta

Annonseinformasjon

FINN-kode 277079566
Sist endret 25. nov. 2022 21:20

Rapporter annonse