Utløpt

Vil du jobbe med datainnsamling frå næringslivet?

Arbeidsgiver
Statistisk sentralbyrå
Stillingstittel
Førstekonsulent/rådgivar
Frist
10.11.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statistisk sentralbyrå
Seksjon for næringslivsundersøkingar har ansvar for å samle inn data frå næringslivet. Innsamling skjer i hovudsak via eigenutvikla skjematenester på Altinn-plattforma, men seksjonen har også fokus på innsamling frå nye datakjelder. Seksjonen søker nå etter ein medarbeidar som kan bidra til at metadata- og dataflyten fungerer som den skal, inn og ut av SSB. 

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid med utsending, mottak og transformering av data frå næringslivet som kjem inn via Altinn-plattforma.
  • Administrere metadata og omsetje/mappe mellom interne og eksterne dataformat
  • Opprette og oppdatere skjemakonfigurasjonar i metadatasystemet, og overføre data mellom test- og produksjonsmiljø
  • Feilsøking i metadatasystemet, retting og resending
  • Designe og utvikle ny funksjonalitet i tenestene for datainnsamling på SSBs skyplattform, og vere ein teknisk ressurs på seksjonen

Kvalifikasjonar

  • Bachelor eller tilsvarande innan informasjonsvitskap, datateknologi eller digital forretningsutvikling. Annan utdanning med innslag av IT-relaterte fag er også relevant.
  • Relevant erfaring med verktøy, plattformer og format som nyttast i tilknyting til utsending, innhenting og transformering av data frå næringslivet (som Linux, Oracle, SAS og Python, XSD-, XML- og XMI-filer), er ønskeleg
  • Relevant arbeidserfaring kan kompensera for utdanningskravet

Personlege eigenskaper

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til sjølvstendig tilnærming til arbeidet
  • Løysingsorientert og målretta
  • Systematisk og leveringsdyktig
  • Omgjengeleg og motiverande for eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Løn som førstekonsulent/rådgivar (kode 1408/1434) i lønsspenn frå kr 471 300 - 648 700 etter kvalifikasjonar. Høgare løn og/eller stillingskode kan vurderast for søkjarar som er særleg godt kvalifiserte
  • Ein kunnskapsrik organisasjon, utfordrande arbeidsoppgåver og eit hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø
  • Eit godt fagleg miljø som gir gode høve for eigenutvikling
  • Høve for éin time trening i veka i arbeidstida, med treningsrom i kontorlokala
  • Hyggjelege lokale med parkeringsmoglegheiter
  • Fleksibel arbeidstid og god pensjonsordning

Generelt:

  • Attestar/vitnemål skal registrerast/ bli lagde ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Vi utfører kontroll av dokument, og vi gjennomfører bakgrunnsjekk.
  • Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom den ønska reservasjonen ikkje vil bli teken til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette før offentleg søkjarliste blir utforma.
  • Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer derfor medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Eksempel på det kan vere tekniske hjelpemiddel, fysisk tilrettelegging eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
  • Vi oppmodar søkjarar til å krysse av dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
  • Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil minst ein søkjar i kvar av desse gruppene bli kalla inn til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen.

Om arbeidsgiveren

Statistisk sentralbyrå ? tal som fortel



Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovudansvaret for offisiell statistikk i Noreg og har ei omfattande forskings- og analyseverksemd. Vi har rundt 850 medarbeidarar lokaliserte i Oslo og Kongsvinger, i tillegg til intervjuarar over heile landet. 



SSB publiserer dagleg statistikk og analysar på ssb.no og har eit stort kontaktnett, òg internasjonalt.



Vi er ei kompetansebedrift med fagleg utfordrande arbeidsoppgåver, som satsar målretta for å modernisere SSB og byggje ein framtidsretta organisasjon

Sektor
Offentlig
Sted
Otervegen 23, 2211 Kongsvinger
Bransje
IT,
Annet
Stillingsfunksjon
Annet

Nøkkelord

datainnsamling, IT, Altinn, statistikk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Roger Jensen
Stillingstittel
seksjonssjef
Telefon
932 47 849
Kontaktperson
Bente Hole
Stillingstittel
Seniorrådgiver
Telefon
945 08 432
Følg firma
987 følger dette firmaet

Otervegen 23, 2211 Kongsvinger

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 276855727
Sist endret 27. okt. 2022 15:43

Rapporter annonse