Råskinn søkes!

Arbeidsgiver
renasys AS
Stillingstittel
Prosjektleder
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Visste du at 80 % av verdas avlaup vert dumpa rett ut i miljøet? Sjølv i eit land som Norge der vi har vakre fjordar og fjell, har naturen no fått store utfordringar.

renasys teamet er samansett av vågale, dyktige og engasjerte personar, som tør og tenkje nytt, og som verkeleg jobbar frå hjartet. Vi har tatt på oss eit enormt ansvar for å bevare, verne og forsvare jordas viktigaste ressurs – vatn.

Vi er eit sterkt og engasjert team med kontor i Førde, Stavanger og København.

renasys er i den mest spennande og krevjande fasen frå vi starta der vi no skalerar og leverar.

Vi riggar oss for å brette opp armane og vise verden kva vi er gode for! Norsk teknologi vil gjere verden til ein betre stad for våre framtidige generasjonar! 

 

Difor søkjer vi etter deg – ein prosjektleiar med ståltru på seg sjølv – som ikkje berre gjer jobben sin, men som går inn med hjarte og skjel og får ting gjort, raskt og skikkeleg.

Du kan eigentlig gjere alt sjølv, frå å bygge, utvikle til å styre og holde oversikt. Men du veit også at skal ein komme langt nok, må ein bygge eit team rundt seg som taklar sjølv den verste stormen med eit smil.

 Lista er lagd høgt i renasys, og vi arbeider etter ei global nullutsleppsvisjon. Dette ser vi på som ein absolutt nødvendigheit, både for oss sjølve, men også for våre framtidige generasjonar.

 For å nå desse måla søkjer vi etter personar med bransjeerfaring, kompetanse og brei multidisiplin erfaring.


  • Synest du det er kult og gjere noko som ikkje er blitt gjort før? Der det ikkje finst ein fasit?
  • Ønskjer du å delta i innovativ teknologiutvikling der ein må finne løysningar kontinuerleg?
  • Ønskjer du utfordringar i eit arbeidsmiljø som engasjerer og motiverer?
  • Har du lyst og vere med å bygge ein global start-up frå null till 100?

Då høyrer vi gjerne frå deg! Vi oppmodar særleg kvinner til å søkje.

 

Kvalifikasjonar:

  • Mentalitet og drivkraft er det viktigaste for oss! Rett person flytter fjell, og i lag med oss vil fjella vike.
  • Relevant fagbrev/teknisk utdanning på master- eller bachelornivå kompensere for delar av utdanningskravet.
  • Gode datakunnskapar.
  • Høg grad av samarbeidsevne og -vilje.
  • Relevant praksis frå VA, Aquakultur, rådgjevar-, prosjekt- og/eller utbyggingsverksemd vil bli prioritert.
  • Kunnskap og erfaring vedr. offentlege anskaffingar er ønskjeleg, men ikkje eit krav
  • Norsk munnleg/skriftleg kompetanse er eit krav. Fleirspråkleg kompetanse er ønskjeleg, hovudvekt på engelsk.
  • Førarkort: Klasse B

 

Arbeidsstad

Vi oppmodar relevante kandidatar frå heile landet til å søkje.

Vi føretrekk lokasjon i tilknytning vårt hovudkontor i Førde i Sunnfjord kommune, men vi har også moglegheiter tilknytt vårt kontor i kvålkroken i Sandnes.

Noko reiseaktivitet må påreknast.

Heimekontor kan nyttast når det er behov.

 

Vi tilbyr:

Å vere med på reisa til å endre verda. Setje nye standardar, og bryte grenser.

Lønna er konkuransedyktig :)

 

Søknad og kontaktopplysningar

 

Søknaden sendast og handsamast berre elektronisk, og vi ber deg difor søkje via finn.no.

Vitnemål, CV og attestar lastast opp som vedlegg.

Alle førespurnader handsamast konfidensielt, om ynskjeleg, i innleiande fase. I samsvar med offentlegheitslova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Om dette blir aktuelt, vil du bli kontakta av oss.

renasys er oppteken av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, hol i CV, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Dersom du har spørsmål knytta til søknadsprosessen, ta kontakt med den ansvarlege angjeven i kontaktopplysningane nedanfor.

 

Om renasys

  • Eit vekstselskap som har utvikla ein revolusjonerande filtreringsløysing som eliminerer opptil 99 % av partikkelforureininga i vatn, uavhengig av industri, skala eller avlaupssamansetjing.
  • Har solide kundar og ekspanderer både nasjonalt og internasjonalt.
  • Ser etter problemløysarar som brenn for grøn teknologi og som ønskjer å stå i "front" i arbeidet med å gjere verda til eit betre stad.

 

Om arbeidsgiveren

Renasys AS

Nettverk
LinkedIn
Sektor
Privat
Sted
Øyrane 12, 6800 Førde
Bransje
Bygg og anlegg,
Drift og vedlikeholdstjenester,
Miljøtjenester
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk,
Ingeniør / Vann- og miljøteknikk,
Prosjektledelse
Arbeidsspråk
Norsk,
Engelsk

Nøkkelord

va, prosjektledelse, vann og avløp, kloakk, klima

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tomas Eikelid
Stillingstittel
Prosjektleiar
Telefon
99 25 43 23
Mobil
99 25 43 23
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Tomas Eikelid
Stillingstittel
Changemaker
Telefon
99 25 43 23
Mobil
99 25 43 23
Denne annonsen har FINNs "Enkel søknad"
Følg firma
27 følger dette firmaet

Øyrane 12, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 276850714
Sist endret 19. apr. 2024 15:30

Rapporter annonse