Utløpt

Brannførebyggar

Arbeidsgiver
Kvam herad
Stillingstittel
Brannførebyggar
Frist
13.11.2022
Ansettelsesform
Fast

Vil du arbeida med branntryggleik i Kvam herad? I så fall håpar me å få deg med på laget!

Kvam brann- og redningsvesen skal i løpet av 2023 gå frå privat til kommunal drift av feiing og tilsyn i Kvam herad. I det høvet skal me tilsetja 2 brannførebyggarar, tidlegare kalla feiar, frå medio mars 2023. Stillingane er 100 % faste stillingar. Oppstart skjer etter nærmare avtale. 

Kvam brann- og redningsvesen er organisert med brannsjef og 2 avdelingar; avdeling for brannførebyggande arbeid og avdeling for beredskap. Brannsjefen er tilsatt i 50 % stilling som brannsjef og 50 % stilling leiar beredskap. Varabrannsjefen er tilsatt som 50 % leiar brannførebyggande avdeling og 50 % utførande brannførebyggande arbeid.

Stillingane som brannførebyggarar vil organisatorisk ligga under avdeling for brannførebygging. Avdelinga gjennomfører blant anna informasjonsarbeid, brannførebyggande tilsyn og anna arbeid med formål om å førebygga brann og ulukker.

Avdeling for beredskap er innsatsstyrken som blir brukt ved brann, ulukker og andre akutte hendingar. Avdelinga er organisert med deltidspersonell knytt til brannstasjonane på Oma, i Norheimsund, i Øystese og i Ålvik. Frå desember 2022 flyttar me inn i ny brannstasjon i Norheimsund som vil erstatta dei gamle brannstasjonane i Norheimsund og Øystese. Den nye brannstasjonen vil vera basen til brannførebyggarane.

Arbeidsoppgåver

  • Utføra feie- og tilsynsteneste etter gjeldande regelverk og i samsvar med lokale og sentrale føresegner/ordningar
  • Sakshandsaming i samsvar med interne rutinar
  • Registrering av fagdata i heradet sitt fagdataprogram
  • Informasjonsarbeid
  • Aktivt vidareutvikla feie- og tilsynstenesta etter eksterne og interne behov og krav
  • Utføra andre oppgåver som ligg naturleg i rolla av å vera tilsett i brann- og redningsvesenet
  • Utføra oppgåver i andre kommunar som Kvam herad har eit samarbeid med
  • Tilsette i førebyggande avdeling kan verta nytta som ein del av beredskapen i heradet
  • Vera ein god ambassadør for brann- og redningsvesenet

Kvalifikasjonar

  • Minimum fullført og bestått vidaregåande utdanning
  • Det er ei føremon med svennebrev eller mesterbrev som brannførebyggar, eller annan relevant utdanning
  • Det er ei føremon om søkar har praktisk erfaring frå liknande arbeid
  • Det er ei føremon om søkar ynskjer og er motivert til å vera ein del av beredskapen i heradet
  • Ved manglande svennebrev eller mesterbrev som brannførebyggar må ein vera villig til å tileigna seg utdanning som brannførebyggar gjennom eit utdanningsløp med løn
  • Førarkort klasse B
  • Tilfredstillande vandel, og ein må rekna med å måtta legga fram politiattest ved tilsetting
  • Gode norskkunnskaper skriftleg og muntleg

Om arbeidsgiveren

Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger. Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Norheimsund er regionsenteret i kommunen og vart i 2013 tildelt Statens pris for attraktiv stad . Her kan du oppleva bygda med bypuls , handlegate, strandveg og bystrand.  Les meir

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Steinsdalsvegen 110, 5600 Norheimsund
Bransje
Annet,
Drift og vedlikeholdstjenester
Stillingsfunksjon
Brannvern

Nøkkelord

Brannførebyggar, Feiar, Norheimsund, Brannforebygger, Feier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Svein Valland Laupsa
Stillingstittel
Leiar førebyggande
Telefon
977 77 987
Følg firma
42 følger dette firmaet

Steinsdalsvegen 110, 5600 Norheimsund

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 276847544
Sist endret 7. nov. 2022 15:20

Rapporter annonse