Utløpt

Psykologspesialist/Psykolog

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Psykologspesialist/Psykolog
Frist
26.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Vi er på utkikk etter ein psykologspesialist som ønskjer å vere ein del av vårt fellesskap. Vi er ein gjeng som har tydeleg fokus på kombinasjonen av fagleg godt arbeid og eit aktivt og sosialt arbeidsmiljø. Vi har ein sosialkomite som tar ansvar for at vi får litt utenomfagleg påfyll innimellom, og du er hjarteleg velkomen til å bidra. Vi har fokus på rettleiing, både metodespesifikk og generell. Dolores Mosquera rettleier oss 4-6 gonger i året via nett, der spesialistar og erfarne terapeutar tar opp komplekse pasientar som gjerne både har traumeerfaring og personlegdoms-vanskar. Gjermund Tveito rettleier poliklinikken ein halv dag 6 gonger i året, . Vi har også satsa på utvikling av spesifikke metodar for behandling av PTSD dei siste åra, og skal ha rettleiing for terapeutar skolert med CT-PTSD og EMDR. Vi har halvårleg fagdagar der vi har fokus på både fag og eigenomsorg.

Kronstad Distriktpsykiatrisk Senter (DPS) held til i moderne lokale sentralt på Danmarksplass. Kronstad DPS er delt inn i fleire seksjonar, inklusiv to store allmennpoliklinikkar som har ansvar for bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda. DPSet driv med kontinuerleg forbetringsarbeid der vi er på utkikk etter konstruktive innspel til å endre system og rutinar til det betre. Etablering av ny inntaksordning, eit fagteam for behandling av spiseforstyrringa, eit nevroteam, og eit planlagd FACT allmennteam er nokre døme på resultat av forbetringsarbeidet i DPSet dei siste 2-3 åra. Dine innspel på framtida til DPSet vil bli høyrt og sett pris på!

Poliklinikkane er bemanna med god fagleg breidde, der overlegar, ei stor gruppe psykologar og psykologspesialistar, psykiatriske sjukepleiarar, klinisk vernepleiar og sosionom inngår. I tillegg har vi jamleg både legar i spesialisering og psykologstudentar i praksis.

Det er Allmennpoliklinikk 2 som no søkjer ny psykologkollega. Primært psykologspesialist, men det kan vere aktuelt å tilsette psykolog som er komen langt i spesialiseringa om ein ikkje får eigna psykologspesialist. Allmennpoliklinikk 2 er ein seksjon med to allmennteam og eit tidleg avklaringsteam; den aktuelle stillinga er i eit allmennteam. Seksjonen har fleire medarbeidarar med fordjuping og spisskompetanse innan mellom anna psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, sensorimotorisk terapi, m.m, i tillegg til at fleire medarbeidarar har vidareutdanning innan andre utgreiings- og behandlingsmetodar.

Seksjonen samarbeider med Allmennpoliklinikk 1, i same etasje. Totalt treng vi kompetanse for å greie ut og behandle ein pasientpopulasjon med varierte vanskar; angst, depresjon, personlegdomsutfordringar traume, ADHD og autismespekterforstyrring, , m.m.

Stillingane er ledige etter nærare avtale. 

Arbeidsoppgåver

  • DPSane i psykisk helsevern er i utvikling, og den som blir tilsett må rekne med å vere delaktig i denne utviklinga. Vi er opptatt av å gi pasientar rett hjelp til rett tid, å differensiere mellom ulike typar av behandling, og å gi rett omfang av hjelp til den enkelte pasient, samstundes som ein syter for at alle som treng hjelp, får hjelp. Dette krev ei viss prioritering av ressursane klinikken styrer over
  • Spesialistar som er tilsett vil òg måtte ivareta spesialistansvaret for pasientar der hovudbehandlar ikkje er spesialist
  • Som universitetsklinikk har vi jamleg studentar i praksis, og i føretaket utdannar vi psykologar og legar i spesialisering. Rettleiing av desse, er ein del av dei arbeidsoppgåvene spesialistane i seksjonen må pårekne
  • Samarbeid med andre delar av behandlingsapparatet både internt og eksternt vil vere viktige arbeidsoppgåver. Det same gjeld samarbeid med pårørande i enkelte tilfelle, og med instansar som NAV, skule og/eller arbeidsgivar i nokre tilfelle
  • Hovudoppgåver vil i poliklinikkane vere utgreiing, diagnostisering og behandling av tilviste pasientar med eit breitt spekter av ulike psykiske lidingar. Vise vidare til høgare (t.d. døgnpost), same (t.d. poliklinikk) eller lågare omsorgsnivå (t.d. kommunal helseteneste), er også noko ein ofte gjer

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Psykologspesialist/ psykolog
  • Klinisk erfaring innanfor allmennpsykiatrisk/poliklinisk pasientpopulasjon er ein fordel
  • Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Motivasjon og interesse for arbeidsform og fagområde
  • God fagleg vurderingsevne, og evne til å arbeide målretta og strukturert
  • Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team vert vurdert som særs viktig
  • Vi jobbar tverrfagleg og den som blir tilsett må trivast med ein slik jobbkvardag
  • Vi ønskjer oss kollegaer som er engasjerte og fleksible, og som også kan vere tydeleg om det trengst
  • Evne til fleksibilitet og sjølvstende
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Dei som blir tilsett må etter ein heilskapsvurdering vere skikka til stillinga

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Moglegheit for forsking og fagutvikling


Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Fjøsangerveien 36, 5054 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog

Nøkkelord

Psykologspesialist,, psykolog,, Kronstad, DPS

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Helene Charlotte Sande Trønnes
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 95 61 52
45 61 59 15
Kontaktperson
Lisa Stokkeland
Stillingstittel
Psykologspesialist
Telefon
55 95 60 00
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Fjøsangerveien 36, 5054 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 275804082
Sist endret 5. okt. 2022 16:11

Rapporter annonse