Utløpt

Me ser etter deg som har stort engasjement og eit hjarte for ungdom

Arbeidsgiver
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Stillingstittel
Sandnes ungdomssenter søkjer etter ein ny miljøterapeut
Frist
20.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)
Informasjon om arbeidsstaden og stillinga

Ein god barndom varar livet ut.

I Bufetat er me stolte over det arbeidet me gjer for å gje barn og unge ein god barndom som varar livet ut. Hos oss møter du ein arbeidskultur prega av åpenheit og nytenkning. Me ser etter deg som er nysgjerrig og ikkje låsar deg til bestemte løysningar på utfordringane i jobben. For å kunne gje våre barn og unge god og  tilpassa omsorg, ønskjer me derfor å rekruttera medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektivar.

Miljøterapi hos oss 

I Bufetat vil me at du skal oppleve meistring, utvikling og arbeidsglede. Som ansatt hos oss vil du derfor få jevnleg og strukturert rettleiing frå psykologteam, metodeveiledere, ledere og kollegaer.  Men for å lykkes i jobben treng du også gode verktøy. Hos oss vil du få jobbe med nokon av dei fremste evidensbaserte metodane og standardiserte forløpene for miljøterapi. Les meir om vårt arbeid her: 

Brosyre (https://www.bufdir.no/globalassets/barnevernsinstitusjoner/nord/oem-brosjyre-til-samarbeidspartnere.pdf)

Vårt mål er å hjelpe ungdommane med varig positiv endring i sine liv. For å lykkes er følgende viktig:

  • Me utfører godt miljøterapeutisk endringsarbeid ved hjelp av evidensbaserte metodar og standardiserte forløp.
  • Me sikrar tverrfagleg samhandling med kommunal barnevernstjeneste, foresatte, sosialt nettverk, skule og arbeid.
  • Me bidrar til å ivareta rettsikkerheiten til ungdommen ved hjelp av god dokumentasjon.

 Film (https://www.youtube.com/watch?v=Kh8H8SsHR4A)

Ved Sandnes ungdomssenter har me ei ledig fast 100 % stilling. Stillinga inneber arbeid i turnus, hovudsakelig lange vakter, samt arbeid kvar 4. helg.


Om oss

Sandnes ungdomssenter er i ein spennande utvikling kor me har forsterka avdelinga vår med bemanning og kompetanse. Me har akkurat implementert ny fagmodell; Omsorg- og endringsmodellen (OEM). Modellen byggar på kognitiv terapi og dialektisk åtferdsterapi (DBT). 


Kva vil arbeidsdagen din bestå av?
  • Du må til einkvar tid halde deg oppdatert på fagmodellar og anna fagleg rammeverk.
  • Utarbeiding og oppfølging av planar i samarbeid med ungdom.
  • Bidra i arbeidet med å motivere og engasjere ungdommane i endringsarbeid, samt sikre at ungdomane får medverke i eige liv, og oppleve tryggleik og trivsel medan dei bur hos oss. 
  • Samarbeide med familie og nettverk, helseinstansar, kommune, skule og andre viktige instansar.
  • Deltaking, samt ansvar for inntaksmøtar og andre samarbeidsmøtar. 
  • Deltaking på vekentleg møtedag og overlapping ved vaktskifte, ansvar for praktiske oppgåver og rutinar i institusjonen. 
  • Kartlegging, rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon iht. standardisert forløp og OEM.
  • Delta på aktivitetar som fremmar ungdommanes trivsel, meistring og utvikling. 

Kva slags bakgrunn har du?

Formelle krav:

  • Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng.
  • Søkjare med anna relevant bachelorgrad som til dømes innan sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, fortrinnsvis med 60 stp relevant vidareutdanning, kan også vurderast.  
  • Krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
  • God fysisk og psykisk helse.
  • Krav om førarkort for personbil kl. B

Det er ønskelig at du har erfaring med, og er god til å:

  • Gjere faglege vurderingar, tilpassa ungdommanes tiltak og dokumentere skriftleg.
  • Forstå og fasilitere endringsprosessar, på individuelt og systemisk nivå.

Vi ser gjerne at du:

  • Har erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
  • Har kjennskap til rettigheitsforskrifta.
  • Kjenner omsorgs- og endringsmodellen eller dialektisk atferdsterapi fra før.

Som person er du:

  • Robust - du trives med å forplikte deg til jobben med å stå i, og handtere utfordrende oppgåver og uforutsigbare situasjonar i møte med barn, unge og deira familiar. 
  • Sjølrefleksiv - du har evne til å betrakte, sortere og skille mellom eigne og andres opplevelsar, synspunkt, oppfatningar eller behov. 
  • Du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding.
  • Du har evne til å analysere utfordringar og vurdere forslag til løysing.
  • Du har evne til å halde deg fagleg oppdatert og tileigne deg ny fagleg kunnskap.
  • Verdibasert - du identifiserar deg med, oppfører deg, og arbeidar i tråd med vårt samfunnsoppdrag og våre kjerneverdier: Respekt, åpenhet, deltakelse.  
  • Motivert for å jobbe for barnets beste.

Kva får du hos oss?
  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom,1508 vernepleiar, eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 423 500 - 544 400 pr. år (ltr. 43-59).  Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr 478 300 - 573 900 pr. år (ltr. 51-62) eller i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 501 200- 573 900 pr. år (ltr. 54-62). Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring.  
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tjenestepensjonsordning, tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Dessutan kan vi tilby:
    • Kunnskapsrike og inkluderande kollegaer.
    • Eit levande fagmiljø som stadig er i utvikling.

Opplysningar til deg som søker
  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Sandnes ungdomssenter.
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

Kontaktinformasjon

Avdelingsleder, Morten Aanensen, tlf. 466 19 817 eller epost: morten.aanensen@bufetat.no

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.

Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit eventuelt intervju.


Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat, region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen. 

Sandnes ungdomssenter er ein institusjonseining for ungdom. Vi tek i mot ungdom etter Lov om barneverntjenster §§4-24 Jfr.4-26. og §4-12. Vi har tre institusjonsavdelingar med plass til totalt 9 ungdommar i alderen 13 - 18 år. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, godt fagmiljø med gode høver for utvikling, rettleiing, fagleg oppfølging, samt mange utfordringar.

Sektor
Offentlig
Sted
Mindeveien, 4327 Sandnes
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sosionom
Følg firma
4283 følger dette firmaet

Mindeveien, 4327 Sandnes

Annonseinformasjon

FINN-kode 275801571
Sist endret 5. okt. 2022 16:10

Rapporter annonse