Utløpt

Vi søker etter tunnelforvaltar og brannvernleiar

Arbeidsgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Tunnelforvaltar og brannvernleiar
Frist
25.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Møre og Romsdal fylkeskommune

Vi søker etter tunnelforvaltar og brannvernleiar

Fylkesvegnettet består av ca 3000 km veg, 61 tunnelar, ca 1000 bruer samt diverse vegutstyr

  • Møre og Romsdal er eit tunnelfylke, med 61 tunnelar på fylkesveg. Tunnelane variere i lengde, trafikkmengder og teknisk utstyr. 34 av tunnelane er over 500 meter lange og er definert som særskilte brannobjekt etter brann- og eksplosjonsvernloven. Vi må derfor ha ein brannvernleiar som ivaretar brannvernet for disse tunnelane, bl.a. gjennom å sørge for hyppige tilsyn og øvingar.
  • Tunnelsikkerheit har dei siste åra fått økt merksemd, og temaet er godt regulert gjennom nasjonalt og internasjonalt regelverk. Vegeigar skal ha god kontroll på tilstanden i tunnelane, og vår tunnelforvaltar må bl.a. sikre at inspeksjonar og vedlikehaldstiltak planleggast og gjennomførast på ein god måte. For utfyllande informasjon om korleis sikkerheitsforvaltning i vegtunnelar skjer, samt konkretisering av arbeidsoppgåver for tunnelforvaltar og brannvernleiar, vise vi til Handbok R511 Sikkerhetsforvaltning av vegtunneler. Den finner du på https://www.vegvesen.no/globalassets/fag/handboker/r511.pdf


Du får jobbe med å

  • Rehabilitere om lag 25 tunnelar etter tunnelsikkerheitsforskrifta og rolla som tunnelforvaltar og brannvernleiar vil ha ein særs viktig rolle som rådgivar og premissleverandør i dette arbeidet
  • Vere del av eit team som forvaltar tunnelar, geofag og elektroinstallasjon.
  • Halde dialogen mellom vegeigar og nødetatar.
  • Vere ansvarleg for å oppdatere planverk og dokumentasjon for tunnelar.
  • Rapportere til tunnelforvaltar.


Vi søker deg som har:

  • Bachelor/master i ingeniørfag eller fagskoleingeniør. Relevant erfaring kan kompensere for kompetansekravet.
  • Kjennskap til beredskap og/eller tunnel
  • Erfaring i handheving av tekniske lover og forskrifter.
  • God kjennskap til forebyggande arbeid og trafikksikkerheit
  • God kjennskap til digitale verktøy
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar som blir lagt spesielt vekt på:

  • Vilje og evne til å samarbeide med og involvere interne og eksterne partar.
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg
  • Du er utviklings- og løysningsorientert


Vi tilbyr

  • ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • løn etter avtale


Om arbeidsplassen

Du blir fast tilsett i vegdriftseksjonen, som er ein del av fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi har kontorstadar i Molde, Ålesund og Kristiansund, og du kan sjølv velje kva for eit kontorstad du ønsker å arbeide ved. Du må rekne med ein del reising i heile fylket til dei ulike tunnelane og til dei ulike kontorstadane.

Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegane og har 130 tilsette. Vegdriftseksjonen har i dag 39 tilsette. Seksjonen har i dag teamleiarar, byggeleiarar og kontrollingeniørar og fagressursar innan HMS, geologi, geoteknikk, økonomi og prosjektering. I tillegg har Fylkesvegavdelinga ein stor byggherreorganisasjon knytt til fleire store byggeprosjekt.


Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.


Om arbeidsgiveren

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Julsundvegen 9, 6412 Molde
Bransje
Bygg og anlegg,
Drift og vedlikeholdstjenester,
Transport og logistikk
Stillingsfunksjon
Brannvern,
Geologi/Fysikk/Kjemi,
Ingeniør

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Torgeir Bye
Stillingstittel
Seksjonsleiar vegdrift
Mobil
90 73 78 73
Kontaktperson
Olav Amund Myklebust
Stillingstittel
Teamleiar tunnel, elektro og geofag
Telefon
71 28 00 69
Mobil
90 89 51 10
Følg firma
311 følger dette firmaet

Julsundvegen 9, 6412 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 275526113
Sist endret 14. nov. 2022 14:04

Rapporter annonse