Utløpt

Vi søker ein strukturert rådgivar til styringsstaben på samferdselsområdet

Arbeidsgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Stabsrådgivar samferdsel
Frist
25.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Møre og Romsdal fylkeskommune

Vi søker etter

ein strukturert rådgivar til styringsstaben, med sterk fagleg integritet. Du vil få ansvar for oppgåver innanfor tenesteområde samferdsel sin overordna koordinering knytt til politiske saker, styringsdialog og virksomhetsplanlegging.

Du skal rapportere direkte til samferdselsdirektør og ass samferdselsdirektør, og opptrer på vegne av dei same i bestillingar m.m. til fagavdelingane.

På samferdselsområdet har vi eit dynamisk og spanande miljø i rask utvikling. Som rådgivar vil du arbeide i styringsstaben til samferdselsdirektøren, som mellom anna har ansvar for strategisk styring og -leiarstøtte innafor samferdselsområdet i fylkeskommunen.


Du får jobbe med å

Stabsrådgivaren skal ivareta oppgåver innanfor tenesteområdet sin overordna koordinering knytt til politiske saker, styringsdialog og virksomhetsplanlegging. Rådgivaren skal rapportere direkte til samferdselsdirektør og ass samferdselsdirektør.

Bistå sektorleiinga med å ivareta styrings- og koordineringsfunksjonar, m.a. ved å;

  • Koordinere prosessen av saker til politiske utval, inkl påsjå at desse blir følgd opp/effektuert. Til ei kvar tid ha oversikt over alle politiske saker
  • Bidra til å koordinere og drive tenesteområdet sitt arbeid med overordna plan- og styringsprosessar, herunder årshjul/styringskalender, leiaravtalar og oppdragsnotat til fagavdelingane
  • Vere ressursperson for leiinga innan prosjekt- og porteføljestyring samt bidra til å initiere/støtte opp under utviklings- og innovasjonsarbeidet på samferdselsområdet
  • Bidra til å kvalitetsikre og vidareutvikle felles verktøy og malar
  • Bistå i arbeidet med fylkesplan og økonomiplan/budsjett

Stillinga er særs viktig for at samferdselssektoren skal gjere dei rette tiltaka til rett tid og med rett kvalitet. Du vil utføre analyser som andre bestiller frå oss, og samstundes må du sjølv ta initiativ til utgreiingar. Arbeidet du bidrar med skal danne grunnlag for strategiske vegval på samferdselsområdet.


Vi søker deg som

har ei utdanning helst på masternivå innanfor samfunnsfaglege, samfunnsøkonomiske og/eller organisasjonsfaglege studieretningar.

Relevant erfaring vil bli vektlagt.

Vi søker deg som har fagleg integritet, og som er trygg og sjølvstendig.

Du:

  • er strukturert
  • har stor arbeidskapasitet
  • har god gjennomføringsevne
  • tar lett initiativ
  • er ein tydeleg prosessleiar
  • er god til å samarbeide med andre
  • trivst i rolla som formidlar


Vi tilbyr

  • ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • løn etter avtale


Om arbeidsplassen

Tenesteområde samferdsel er Møre og Romsdal fylkeskommune sitt fagorgan på samferdselsområdet.

Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk med buss, hurtigbåt og ferje i fylket Fylkeskommunen er den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3200 kilometer fylkesveg.

Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM/kollektiv og Fylkesveg samt ei stabseining rundt samferdselsdirektøren. Tenesteområde samferdsel har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund, og du kan sjølv velje kva for eit kontorstad du ønsker å arbeide ved.


Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.


Om arbeidsgiveren

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Julsundvegen 9, 6412 Molde
Bransje
HR, organisasjonsutvikling og rekruttering,
Konsulent og rådgivning,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Koordinering,
Rådgivning,
Samfunnsviter

Nøkkelord

porteføljestyring, samferdsel, virkomhetsstyring, koordinering, kvalitetssikring

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Magne Arild Vinje
Stillingstittel
Ass samferdselsdirektør
Telefon
71 28 02 79
Mobil
91 37 85 82
Kontaktperson
Arild Fuglseth
Stillingstittel
Samferdselsdirektør
Telefon
71 28 02 67
Mobil
91 53 00 85
Følg firma
310 følger dette firmaet

Julsundvegen 9, 6412 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 275518361
Sist endret 14. nov. 2022 13:45

Rapporter annonse