Utløpt

Faste stillingar som bioingeniør 

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Bioingeniør
Frist
23.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Vil du jobbe i eit utviklande arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver og hyggelege kollegaer? Vi søkjer engasjerte og dyktige bioingeniørar til faste stillingar ved avdelinga.

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ein av i alt åtte einingar som er organisert under Laboratorieklinikken i Helse Bergen, og har omlag 350 tilsette. Avdelinga har 12 analytiske og 4 ikkje-analytiske seksjonar, tre legegrupper (seksjon for medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og seksjon for klinisk farmakologi), i tillegg til NAPOS, NOKLUS Vest og RELIS.

Vi utfører årleg om lag 8,5 millionar analysar innan fagområda medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi. Arbeidet varierer frå store automatiserte instrument med store prøvemengder til manuelle metodar med få og tidkrevande analysar. I tillegg til ei omfattande rutinedrift som inneber døgnkontinuerleg vaktordning blir det drive forsking og utviklingsarbeid. Vi har aktiviteter i Laboratoriebygget, Gamle Hovedbygg, ved Kvinneklinikken og ved Barne og ungdomsklinikken. I tillegg til fleire prøvetakingseiningar på campus har vi ekstern blodprøvetaking i Zander Kaaes gate i Bergen sentrum og ved Region Nordhordland Helsehus (RNH) i Knarvik. Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189.

Stillingane er knytta til avdeling og ikkje spesifikt til ein fast seksjon. Rullering mellom seksjonar etter behov. Det er behov for bioingeniørar ved laboratoriet på Kvinneklinikken, Barne og ungdomsklinikken og i Laboratoriebygget. 

Vi søkjer deg som er ein lagspelar, som likar deg i eit aktivt og travelt miljø og som ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Tillit, ansvar og sjølvstende er viktig for oss.

Aktuelle kandidatar verte kontakta fortløpande.

Arbeidsoppgåver

  • Dei som blir tilsett må pårekne å utføre både analytiske og preanalytiske oppgåver
  • Blodprøvetaking
  • Alle bioingeniørar i grunnstilling må delta i vaktturnus

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg på eit nivå som gjer deg i stand til å utføre aktuelle arbeidsoppgåver og kommunisere med kollegaer i arbeidssituasjonen
  • Relevant erfaring med denne type arbeid vil vere ein fordel
  • Personlege eigenskaper vil bli lagt vekt på

Personlege eigenskapar

  • Må kunne arbeide både i team og sjølvstendig og effektivt organisere eigen arbeidsdag
  • Positiv, hjelpsam, løysingsorientert og målretta
  • Viser fagleg tryggheit, tillit og respekt
  • Punktleg, påliteleg og ansvarsbevisst
  • Kan arbeide systematisk i stressande situasjonar
  • Trivast i eit dynamisk arbeidsmiljø
  • Engasjement for fagfeltet og ønsker å vidareutvikle kompetansen din

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst i Helse Bergen
  • Spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Fagleg og personleg utvikling

 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.  

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Bioingeniør

Nøkkelord

Bioingeniør

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hege Hoff Skavøy
Stillingstittel
Sjefbioingeniør
Telefon
55 97 43 97
Kontaktperson
Anne Grete Aune
Stillingstittel
Seksjonsleiar (Personal og driftsstøtte)
Telefon
55 97 30 91
Kontaktperson
Merete Knudsen Litleskare
Stillingstittel
Seksjonsleiar MBF-KK
Telefon
55 97 66 49
Kontaktperson
Ingunn Børø
Stillingstittel
Seksjonsleiar MBF-BUK
Telefon
55 97 52 73
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 275046397
Sist endret 30. sep. 2022 11:41

Rapporter annonse