Utløpt

Ønskjer du spennande utfordringar innan matproduksjon i Vestland?

Arbeidsgiver
Statsforvaltaren i Vestland
Stillingstittel
Rådgjevar/seniorrådgjevar - landbruk (to ledige stillingar)
Frist
20.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statsforvaltaren i Vestland
Om stillinga

Brenn du for norsk landbruk? Ønsker å jobbe med spennande utfordringar og utvikling?

Stillinga inneber samarbeid med ulike landbruksfaglege miljø formidling av kunnskap og gjennomføring av nasjonal landbrukspolitikk. Den som blir tilsett vil få opplæring og kan utvikle seg innanfor eit breitt spekter av dagsaktuelle tema.

Statsforvaltaren skal gjennomføre den nasjonale landbrukspolitikken ved hjelp av informasjon, tilskots- og regelforvaltning og kontroll. Vi skal vere eit kompetansesenter for kommunane, og saman med fylkeskommunen bidra til å auke verdiskapinga i landbruket. Vi har til saman seks fagavdelingar med ei brei oppgåveportefølje. Landbruksavdelinga vert leia frå Førde og har kring 30 tilsette, hovudsakleg i Førde og i Bergen.

Vi skal vere eit kompetansesenter for kommunane og bønder og saman med fylkeskommunen og Innovasjon Norge bidra til å auke verdiskapinga i landbruket.

Vi har to faste stillingar - ei i Bergen og ei i Førde. Kva type oppgåver som vert lagt til dei to stillingane er avhengig av kvalifikasjonar og interesser hjå dei som vert tilsett, og vil også kunne variere med behov og fagleg kapasitet elles i avdelinga. 


Arbeidsoppgåve

Arbeidsoppgåvene er forvaltning, kontroll og rådgjeving til kommunane og jordbruksnæringa om

  • korleis landbruket kan møte eit klima i endring
  • beitebruk og matproduksjon på innmark og utmark
  • samarbeid med organisasjonar i landbruket
  • prosjektet Inn på tunet
  • regelverket for husdyrkonsesjon
  • erstatning for avvikling av pelsdyrnæringa
  • ei god veterinærordning i landbruket
  • andre relevante forvaltingsoppgåver
  • oppfølging av kommunane

Kvalifikasjonar
  • Høgare relevant utdanning innan landbruk, natur og biologi, helst på masternivå. Lang relevant realkompetanse kan delvis erstatte formell utdanning.
  • Det vil vere ein fordel med erfaring frå landbruksnæringa eller offentleg forvaltning, men stillingane høver også for nyutdanna.
  • Gode kunnskapar om databasert ressurskartlegging og IT
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne, på nynorsk og bokmål
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar
  • Gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og effektivt

Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
  • interessante arbeidsoppgåver
  • ein arbeidsplass i utvikling
  • eit kompetent og godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning
  • fleksibel arbeidstid

Vilkår:

Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/ 1364 seniorrådgjevar, frå kr 520 000 - 620 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse.  For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.      

Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Embetet er IA-verksemd, og vil leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.

Dei første seks månadane er prøvetid.

Tenestemålet er nynorsk.

Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.

Søkarlista er i utgangspunktet offentleg. Du kan be om unntak dersom vilkåra i lova er til stades.

Nærare opplysningar om stillinga får du av landbruksdirektør Christian Rekkedal, tlf. 99 69 23 02, eller assisterande landbruksdirektør Bjørn Harald Haugsvær tlf. 48 00 73 75
 


Om arbeidsgiveren

Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og Regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.

Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.

Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.

Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde - med hovudsete i Leikanger.

 

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Fjellvegen 11, 6800 Førde
Flere arbeidssteder
  • 5015 Bergen
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Rådgivning,
Saksbehandler
Følg firma
380 følger dette firmaet

Fjellvegen 11, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 275031171
Sist endret 30. sep. 2022 09:53

Rapporter annonse